Salma Hayek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Salma Hayek
Salma Hayek-9894.jpg
Fødd2. september 1966 (56 år)
FødestadCoatzacoalcos
FødenamnSalma Valgarma Hayek Jiménez
Aktive år1988–
Verka somfilmskodespelar, filmregissør, filmprodusent, fjernsynsskodespelar, skodespelar, songar, stemmeskodespelar, fjernsynsprodusent
EktefelleFrançois-Henri Pinault
PrisarDaytime Emmy Award, Lucy Award, Ridder av Æreslegionen

Salma Valgarma Hayek Jiménez (fødd 2. september 1966), kjend som Salma Hayek, er ein meksikansk-amerikansk skodespelar. Ho blir av mange sett på som den mest suksessrike latinamerikanske skodespelaren i Hollywood sidan Dolores del Río. Hayek har vore med i over tretti filmar og har vore nominert til Oscar.

Tidleg karriere i Mexico[endre | endre wikiteksten]

Då ho var 23 år gammal fekk ho tittelrolla i såpeoperaen Teresa, ein vellykka telenovela (såpeopera) som gjorde henne til stjerne i heimlandet Mexico. I 1994 hadde ho hovudrolla i El Callejón de los Milagros, som seinare skulle bli den mest prislønte filmen i meksikansk historie.

Karriere i Hollywood[endre | endre wikiteksten]

I 1991 flytta Hayek til Los Angeles for å studera til å bli skodespelar, med voner om å få ei rolle i ein hollywoodfilm. Robert Rodriguez og hans produsentkone Elizabeth Avellan gav ho raskt ei stor rolle mot Antonio Banderas i filmen Desperado, ei rolle som vekte oppsikt i Hollywood.

Hayek fekk seinare ei rolle i From Dusk Till Dawn, ein film som òg vart produsert av Rodriguez. Sjølv om vampyrrolla hennar mot George Clooney og Quentin Tarantino var liten, var det ein opptreden som blei merka. Hayek fortsette karrieren både i kommersielle og kunstneriske filmar. Ein av hennar følgjande suksessar var Wild Wild West (1999), der ho spelte mot Will Smith, Kevin Kline og Kenneth Branagh.

Det nye tusenåret byrja roleg for Hayek, som planla å produsera og opptre i drømmerolla si som Frida Kahlo, den legendariske meksikanske malaren som Hayek har beundra heile livet.

I 2002 vart Frida, co-produsert av Hayek sjølv, lansert. Hayek hadde tittelrolla, og Alfred Molina spelte den utru ektemannen hennar Diego Rivera. Denne rolla gjorde at Hayek vart nominert til Oscar same år.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Hayek snakkar spansk, engelsk, arabisk og portugisisk. Far hennar er av libanesisk opphav. Salma er eit spansk namn, utleidd av det arabiske ordet salam som tyder 'fred' og 'ro'. Hayek gifta seg 14. februar 2009 med den franske forretningsmannen François-Henri Pinault. Då har dottera Valentina Paloma Pinault (fødd 2007) saman.

Hayek vart i 2011 utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen.[1]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • Grown Ups 2
  • Grown Ups (2010)
  • Lonely Hearts (2006)
  • Bandidas (2006)
  • Paint (2005)
  • Ask the Dust (2005)
  • Sian Ka'an (stemme) (2005)
  • After the Sunset (2004)
  • The Maldonado Miracle (2003) (regi)
  • Once Upon a Time in Mexico (2003)
  • Spy Kids 3-D: Game Over (2003)
  • Frida (2002)
  • In the Time of the Butterflies (På Tida til sommarfuglane) (2001)
  • Hotel (2001)
  • Traffic (2000)
  • La Gran Vida (2000)
  • Chain of Fools (2000)
  • Timecode (2000)
  • Wild Wild West (1999)
  • El Coronel No Tiane Quien le Escriba (No One Writes to the Colonel, 1999)
  • Dogma (1999)
  • The Faculty (1998)
  • The Velocity of Gary (1998)
  • 54 (1998)
  • Sístola diástole (1997)
  • Breaking Up (1997)
  • The Hunchback (TV) (1997)
  • Fools Rush In (1997)
  • Fled (1996)
  • Follow Me Home (1996)
  • From Dusk Till Dawn (1996)
  • Fame Game (1995)
  • Desperado (1995)
  • El Callejón dei lós Milagros (Midaq Alley, 1995)
  • Roadracers (TV) (1994)
  • The Sinbad Show (serie) (1993)
  • Mi Vida Loca (1993)

TV-seriar[endre | endre wikiteksten]

  • El vuelo del águila (1996)
  • Teresa (1989)
  • Nuevo amanecer (1988)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ordre national de la légion d'honneur. Décret du 30 décembre 2011 portant nomination», Journal Officiel, nr.1, 1. januar 2012, s. 39.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Salma Hayek