Salvador

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Salvador (fleirtyding).
Salvador
by
Land  Brasil
Stat Bahia
Region nordaustregionen
Del av Greater Salvador, Immediate Geographic Region of Salvador, Mercosur Cities Network
Areal 693 km²
Folketal 2 418 005 (2022)[1]
Kart
Salvador
12°58′59″S 38°29′34″W / 12.983055555556°S 38.492777777778°W / -12.983055555556; -38.492777777778
Wikimedia Commons: Salvador (Bahia)

Salvador er delstatshovudstad og ein kommune i delstaten Bahia i Nordaustregionen i Brasil.[2]

Byen ligg på ei halvøy mellom Atlanterhavet og den store Allehelgensbukta (Bahía de Todos os Santos), og er med nær tre millionar innbyggjarar den tredje største byen i Brasil, etter São Paulo og Rio de Janeiro.

Byen blei grunnlagd i 1549 av portugisarar under namnet São Salvador da Bahía de Todos os Santos (Frelsaren i Allehelgensbukta), og var hovudstad fram til 1763.[3]

Ein 85 meter høg skrent/klippe skil nederbyen (Cidade Baixa) frå øverbyen (Cidade Alta). I 1873 blei dei to knytte saman av heisen Elevador Lacerda. Gamlebyen Pelourinho i øverbyen blei teken med på UNESCO si verdsarvsliste i 1985. Her ligg piskestasjonen portugisarane brukte. Salvador var nemleg den viktigaste hamna for import av slavar frå Afrika, hovudsakleg frå Angola.

Frå 1624 til 1625 (berre eitt år) var byen hærteken av nederlendarane, som sleppte alle slavane fri. Også i dag er det eit betydeleg afrikansk preg på staden. Byen blir rekna som fødestad for den afro-brasilianske religionen candomblé.

Alleheilgenbukta er ei paringsbukt for kvalar, og fram til 1900-talet var kvalfangst viktig her.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Salvador