Samanslutninga av søraustasiatiske statar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samanslutninga av søraustasiatiske statar
Skipa8. august 1967
HovudkontorJakarta
VerkeområdeSøraust-Asia
Medlemmer10
Nettstadhttps://asean.org Sjå dette på Wikidata
Kart over landa som er med i organisasjonen.

Samanslutninga av søraustasiatiske statar (ASEAN: Association of Southeast Asian Nations) er ein internasjonal organisasjon med dei fleste landa i Søraust-Asia som medlemmar. ASEAN har som føremål å styrka den økonomiske, sosiale, og kulturelle utviklinga i regionen. Hovudkontoret ligg i Jakarta i Indonesia.

Organisasjonen vart skipa 8. august 1967 i Bangkok av Indonesia, Malaysia, Filippinane, Singapore og Thailand.

Brunei vart medlem i 1984, Vietnam i 1995, Laos og Myanmar i 1997 og Kambodsja i 1999.

Alle medlemslanda har underskrive SEANWFZ-avtalen, som slår fast at Søraust-Asia skal vera fri for kjernevåpen. Avtalen vart verksam i 1997.

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

År Land
1967  Filippinane
1967  Indonesia
1967  Malaysia
1967  Singapore
1967  Thailand
1984  Brunei
1995  Vietnam
1997  Laos
1997  Myanmar
1999  Kambodsja

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.