Samferdsel i Gulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samferdsel i Gulen omfattar europa- og fylkesvegar med tunnelar, bruer og båttrafikk i Gulen kommune.

Stamvegen E39 går gjennom kommunen og er hovudferdselsåre saman med fylkesveg 57. Det finst tre ferjesamband, Leirvåg-Sløvåg-Skipavik, Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella-Losna og Oppedal-Lavik.

Fylkesveg 4 går over Mjømna, som har brusamband til Sandøya via Mjåsundbrua og til Byrknesøya via Mjømnesundbrua og Nappsundbrua. 4. november 2010 vart fastlandssambandet til Ytre-Gulen fullført med opninga av Brandangersundet bru frå Fivelsdal på fastlandet til Sandøya. Sandøya, Mjømna og Byrknesøya vart dermed landfaste og ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg-Skipavik vart omgjort til berre å trafikkera strekninga Leirvåg-Sløvåg.

Fylkesveg 57 går gjennom Gulen mellom Sløvåg og Rutledal. Leirvåg-Sløvåg er eit ferjesamband på fylkesveg 57 mellom Austrheim kommune i Nordhordland og Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Lavik-Oppedal er eit ferjesamband på europaveg 39 som kryssar Sognefjorden frå Lavik til Ytre Oppedal i Gulen.

Ekspressbåtane til Fjord1 Fylkesbaatane har daglege anløp på Mjømna på sine ruter mellom Bergen og Sogn/Nordfjord. For meir om dette, sjå artikkelen hurtigbåtanløp i Gulen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia.