San Diego Museum of Art

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San Diego Museum of Art

StadSan Diego
Skipa1926
Kart
San Diego Museum of Art
32°43′56″N 117°09′02″W / 32.73223°N 117.15047°W / 32.73223; -117.15047

San Diego Museum of Art er eit kunstmuseum i San Diego i California i USA. Det blei innvigd i 1926.

San Diego Museum of Art, som ligg ved 1450 El Prado i Balboa Park, har ei brei samling kunst med størst vekt på spansk kunst.

Bygget[endre | endre wikiteksten]

San Diego Museum of Art
Visjonen av St. Anthony av Giambattista Pittoni, 1730

Museumsbygget blei teikna av William Templeton Johnson og Robert W. Snyder.[1] Det dominerande innslaget i fasaden er ein rikt ornamentert port, som er inspirert av Universitetet i Salamanca. I 1966 blei det bygd eit tilbygg med ei fløy i vest og ein skulpturgard, og i 1974 blei det lagt til ei fløy i aust.

Samlingane[endre | endre wikiteksten]

Samlingane til museet har gjenstandar frå kring år 5.000 f.Kr. til notida. Den særskilde profilen til museet er spanske kunstverk av Murillo, Francisco de Zurbarán, Juan Sánchez Cotán, José Ribera og El Greco. Ein stor del av den eldre kolleksjonen til museet blei donert av systrene Anne, Amy, og Irene Putnam. Det fyrste større eigne innkjøpet til museet, finansiert av ei av systrene Putnam, var eit kjøp i 1939 av Francisco Goya sitt El Marques de Sofraga, som hadde vore del av ei privat samling og aldri tidlegare var blitt vist offentleg. Året etter kjøpte museet eit portrett utført av Giovanni Bellini. I 1941 kjøpte museet eit portrett som Diego Velázquez hadde måla av infanta Margarita av Spania, som sannsynlegvis var ein studie til det større portrettet av henne som heng i Wien. Andre store donatorar under dei 25 første året til museet var Archer M. Huntington og paret Henry Timken, som hadde ei kunstsamling som no er i det nærliggande Timken Museum of Art, opna i 1965. I 2012 mottok museet 48 tyske ekspresjonistiske måleri, teikningar og grafiske verk frå Vance E. Kondon og kona hans Elisabeth Giesburger.[2] Denne samlinga inkluderer verk av Otto Dix, Egon Schiele, Aleksej von Jawlensky, Gabriele Münter og Gustav Klimt.

Museet har verk av italienarane Giorgione, Pittoni, Giotto, Veronese, Luini og Canaletto og nordeuropearane Ruben, Hals og van Dyck.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «William Templeton Johnson». San Diego Historical Society, läst 2013-07-25. 
  2. Jamie Wetherbe (March 23, 2012), San Diego museums receive $40-million art collection Los Angeles Times, läst 2013-07-25.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: San Diego Museum of Art