Otto Dix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Otto Dix (2. desember 189125. juli 1969) var ein tysk målar og grafikar. Han er kjend for sine gruoppvekkande framstillingar av krig, og dekadensen til borgarskapen under Weimarrepublikken. Han vert rekna some ein av dei viktigaste utøvarane av Den nye saklegdomen (Die neue Sachlichkeit).

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Dix var fødd i Untermhaus, i dag ein forstad til Gera i Tyskland, der faren arbeidde på eit smelteverk. Sjølv kom han i 1910 inn på kunst- og kunsthandverkskulen i Dresden.

Han melde seg frivillig til teneste då fyrste verdskrigen braut ut. I denne vart han befalingsmann og fekk kommando over en maskingeværtropp på Vestfronten. Han deltok i slaget ved Somme, og vart fleire gongar alvorleg såra. I 1917 vart han overflytta til Austfronten, og låg der til fronten vart nedlagd seinare same året. Mot avslutninga av verdskrigen vart han tildelt Jarnkorset av andre grad. Dix vart sterkt prega av synsinntrykka han fekk i krigen, og skildra eit gjentakande mareritt der han kravla gjennom øydelagde hus. Krigsminna forma han i fleire verk, sterkast er kanskje mappa med 50 etsingar frå 1924 som han kalla «Krig».

I 1919 tok Dix til på kunsthøgskulen i Dreden ('Hochschule für Bildende Künste Dresden'). Han deltok der i Dresden-secession, så lenge han var inspirert av ekspresjonismen. Etter å ha møtt George Grosz, som var tilhengar av dadaismen, byrja Dix å legge collage-element inn i arbeida sine. Desse vart stilt ut i den fyrste dada-utstillinga i Berlin. Parallelt stilte han verkr på den tyske ekspresjonist-utstillinga i Darmstadt.

Dix utvikla med tida ein teknikk der han laserte oljefargar over ei grunnmåling av tempera. Han deltok i 1925 i 'Neue Sachlichkeit'-utstillinga i Mannheim, saman med mellom andre George Grosz, Max Beckmann, Heinrich Maria Davringhausen, Karl Hubbuch, Rudolf Schlichter og Georg Scholz. Både Dix og Grosz var kritiske til det tyske samfunnet, og måla mange bilete som viste skuggesidene; til dømes prostitusjon, tiggande krigsinvalidar, utslitne gamle, samt døden. Tematisk skildra Dix mykje den stemninga som også prega Erich Maria Remarque sin antikrigsroman Intet nytt fra vestfronten.

Frå 1927 arbeidde Dix som professor ved Dresden-akademiet. Etter naziztane fekk makta i 1933 vart kunsten hans erklært «entartet» og han vart fjerna frå stillinga. Bileta Skyttargrava og Krigskrøplingar stilte dei nye makthavarane ut til skrekk og åtvaring, samt spott og spe. Seinare vart måleria brende. Dix sat arrestert ei tid i 1939, skulda for å ha delteke i eit komplott mot Adolf Hitler.

Mot slutten av andre verdskrigen vart Diix sett inn i Volkssturm, og send til Frankrike. Der vart han teken til fanga av franskmennene. I 1946 vart han sett fri og kom seg etterkvart tilbake til eit utbomba Dresden. Sidan i livet laga han for det meste bilete over religiøse allegoriar eller av dei lidingar krig skaper.

Dix døydde i Singen i Tyskland i 1969.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Otto Dix