Sandi Morris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandi Morris


Statsborgarskap USA
Fødd 8. juli 1992 (31 år)
Downers Grove
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett 2015, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Stavsprang kvinner, VM i friidrett innendørs 2022 – Stavsprang kvinner

Sandi Morris (fødd 8. juli 1992) er ein USA-amerikansk stavhoppar som i 2016 sette landsrekord med 5,00 meter. Ho vann sølvmedaljen i øvinga både under Sommar-OL 2016 og i verdsmeisterskapane 2017 og 2019.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Morris viste stor framgang i stavhopp i 2015-sesongen. Den 18. juli forbetra ho sitt personbeste til 4,76 m ved eit stemne i Heusden-Zolder i Belgia. I slutten av august kom ho på ein tredelt fjerdeplass i Beijing-VM med 4,70 m. Under dei olympiske leikane i Brasil sommaren 2016 tok Morris og greske Ekateríni Stefanídi, som dei einaste, seg over 4,85 m, begge i andre forsøk. Også 4,80 m klarte begge utøvarane i andre forsøk. Dermed vart deira respektive forsøk på 4,70 m avgjerande for gullstriden; Stefanídi gjekk over den høgda i sitt fyrste hopp, Morris måtte ha to opp på 4,70 og vart vist til sølvplass. Tre veker etter OL-tevlinga presterte Morris sitt livs beste stavhopp, den 9. september svinga ho seg over 5,00 meter i Brussel.

Sandi Morris

I verdsmeisterskapen 2017 i London vann Morris ein ny sølvmedalje i stavhopp, klart slått av Stefanídi. Også under VM 2019 i Doha enda Morris opp med sølvmedaljen, etter ei svært jamn tevling med Anzjelika Sidorova. Begge låg likt etter 4,90 m, årsbeste for Morris og personbeste for Sidorova. Tevlinga vart avgjort då Sidorova lukkast ta seg over 4,95 meter i sitt siste forsøk.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]