Sandstad kyrkje
Utsjånad
| Sandstad kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Nidaros | ||
| Prosti | Orkdal | ||
| Sokn | Sandstad | ||
| Fellesråd | Hitra | ||
| Type | langkyrkje | ||
| Arkitekt | Henrik Nissen | ||
| Teknikk | lafteverk | ||
| Material | tre | ||
| Innvigd | 11. juli 1888 | ||
| • Endringar | restaurert 1954–55, omkring jubileet i 1988 og 2012 | ||
| Tårn | i vest | ||
| Klokker | 2: 1888 (rep. 1945) og 1988 | ||
| Preikestol | frå 1888 | ||
| Døypefont | frå 1888 | ||
| Altartavle | Oskar Hokstad, 1938 (motiv: oppstoda) | ||
| Orgel | frå 1920 | ||
| Sitjeplassar | 350 | ||
![]() Sandstad kyrkje 63°31′22″N 9°05′57″E / 63.5228°N 9.0991°E | |||
| Wikimedia Commons: Sandstad kirke | |||
Sandstad kyrkje er ei langkyrkje frå 1888 i Hitra kommune i Trøndelag.
Ved bygginga nytta ein dei same teikningane som for Hallaren kyrkje på Frøya nokre år tidlegare, utarbeidd av arkitekt Henrik Nissen. Byggmeister Hovde stod for bygginga. I 1954–55 var det ei større restaurering der Daniel Skipnes dekorerte kyrkja innvendig. Han laga òg brudestolar og teikna lysekroner.
Kyrkjegarden vart teken i bruk i august 1883. I 1921 var kyrkjegarden full, og ein ny vart teken i bruk om lag 1 km frå kyrkja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sandstad kirke 100 år 1888–1988. Sandstad menighetsråd. 1988.
- «Sandstad kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- «Orkdalsmenighetene - Hitra / Sandstad kirke». Orkdalsmenighetene. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 7. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rasmussen, Alf Henry (1993). «Sandstad kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 253. ISBN 82-7527-022-7.
- Sandstad kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
