Børsa kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°19′30″N 10°4′22″E

Børsa kyrkje
kyrkje
none  Foto: T.M. Hetland
Foto: T.M. Hetland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Orkdal
Sokn Børsa
Fellesråd Skaun
Type langkyrkje
Periode nygotikk
Arkitekt Chr. H. Grosch[1]
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 1857[2]
Tårn ved vestre enden av skipet.
Kyrkjegard rundt kyrkja
Altartavle bilete frå kring 1730[1]
Sitjeplassar 450[1]
Wikimedia Commons: Børsa kirke

Børsa kyrkje står i Børsa i Skaun kommune i Sør-Trøndelag fylke, og er frå 1857.[2]

Børsa kyrkje is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Børsa kyrkje

Arkitekt for bygget, som er i tre, var Christian Heinrich Grosch.[1] Kyrkja er ei langkyrkje der hovudskipet er orientert vest-aust med portalar i vest, sør og nord. Tårnet står i vest og koret er i aust. Koret har runda avslutting. Det er bygd til eit sakresti til dåpsfolk austom koret.

Kyrkja er soknekyrkje i Børsa kyrkjesokn i Orkdal prosti.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Altertalvla[endre | endre wikiteksten]

Altertavla er frå kring 1730 og er måla av Sigismundus Wagner. Motivet er Jesu siste måltid med følgjesveinane.[2] Tavla stod opphavleg i Krosskyrkja i Bergen og vart flytt til Børsa kyrkje i 1859.[1]

Kyrkjeklokker[endre | endre wikiteksten]

Det er to kyrkjeklokker i kyrkja. Begge er laga av Baklandets støberi, den eine i 1908 og den andre i 1910.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Alf Henry Rasmussen (red., 1993) «Børsa kirke» – i: Våre kirker : norsk kirkeleksikon, s. 242 – Vanebo Forlag, Kirkenær. ISBN 82-7527-022-7.
  2. 2,0 2,1 2,2 Om Børsa kyrkje på nettstaden til Orkdal prostiVitja 16. juni 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]