Moe kyrkje
| Moe kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Trøndelag | ||
| Kommune | Orkland | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Nidaros | ||
| Prosti | Orkdal | ||
| Sokn | Orkland | ||
| Fellesråd | Orkdal | ||
| Type | krosskyrkje | ||
| Arkitekt | O. F. Rømmesmo og B.T. Wulvig | ||
| Teknikk | mur | ||
| Material | stein | ||
| Innvigd | 28. desember 1867 | ||
| • Endringar | 1958–59, 1977 | ||
| Tårn | i vest | ||
| Kor | Polygonalt avslutta | ||
| Klokker | 2: 1675 (Otto Møller) og 1867 (Trolla Brug) | ||
| Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
| Preikestol | 1867, med evangelistbilete | ||
| Altartavle | Christian Christie, 1867 | ||
| Orgel | 1960-talet, tsjekkisk (Rieger-Kloss?) | ||
| Sitjeplassar | 310[1] | ||
| Diverse | Glasmåleri i koret av Veslemøy Nystedt Stoltenberg 1977. | ||
![]() Moe kyrkje 63°11′18″N 9°45′58″E / 63.1882°N 9.7661°E | |||
| Wikimedia Commons: Moe kirke | |||
Moe kyrkje er ei krosskyrkje frå 1867 eit par kilometer nord for Svorkmo i Orkland kommune i Trøndelag fylke.
Tidlegare kyrkjer
[endre | endre wikiteksten]Dagens kyrkje er den tredje kyrkja ved Svorkmo. Ei kyrkje for verksarbeidarane vart oppført på Skankebakken i 1675 og vart øydelagt av flaum i 1816. Same året vart ei åttekanta trekyrkje oppført på Smedhaugen, om lag ein kilometer lengre nord. Denne kyrkja vart riven i 1866 og ny kyrkje oppført på Moe, vest for Orkla, der det hadde vore ekserserplass.
Dagens kyrkje
[endre | endre wikiteksten]Moe kyrkje vart teikna av Ole Fredriksen Rømmesmo og Børre Thorstensen Wulvig, oppført i 1866–67 og innvigd 28. desember 1867. Det er ei krosskyrkje i tre. Tre av veggane frå kyrkja på Smedhaugen vart nytta i koret. Kyrkja vart restaurert i 1958–59 etter planar av John Egil Tverdahl. Veslemøy Nystedt Stoltenberg laga glasmåleri i korvindauga i 1977.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Orkdalsmenighetene Arkivert 2014-02-22 ved Wayback Machine.
- «Moe kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Moe kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 240. ISBN 82-7527-022-7.
- Orkdalskyrkja på Grøtte i 900 år (Bokhylla.no)
