Buvik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°18′34″N 10°11′13″E

Buvik kyrkje
Buvik kyrkje Wilse.jpeg

Kyrkja fotografert i 1927.
Foto: Anders Beer Wilse

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Nidaros
Prosti:  Orkdal
Fellesråd:  Skaun
Sokn:  Buvik
Innvigd:  September 1823[1]
Endringar:  Påbygd sakristi og bårerom i 1969[1]
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Åttekantkyrkje

, Langkyrkje

Materiale:  Tre[2]
Tårn:  Midt over skipet, bore av fire søyler.
Kyrkjerommet
Preikestol:  Preikestolsalter[2]
Døypefont:  Frå 1934[2]
Plassar:  250[2]

Buvik kyrkje står i Buvika i Skaun kommune i Sør-Trøndelag fylke, og er ei åttekantkyrkje reist i 1819.[1]

Buvik kyrkje is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Buvik kyrkje

Kyrkja fekk ikkje inventar før fire år seinare og ho vart vigsla i september 1823.[1]

Kyrkja er soknekyrkje i Buvik kyrkjesokn i Orkdal prosti.

Naudsåra tidleg på 1800-tallet hefta byggeplanane og bygginga av ny kyrkja tok til først sommaren 1818 og den vart innvigd av biskop Bugge i september 1823.[3] Bygget vart utforma etter mønster av Klæbu kyrkje (av Lars Larsen Forsæth) og dei to kyrkjene har same langstrakte åttekantform og er nesten like store. Tremodellen som vart brukt i Klæbu kan også ha vore brukt i Buvika. Sørmoen trur at Støren kyrkje, som også er av same type, har verka inn på arbeidet i Buvika. Soknepresten i Buvika, Mathias Heltberg, hadde vore soknepresten på Støren då kyrkja der var reist. Forma er typisk for åttekantkyrkjene i Sør-Trøndelag. På same måte som i Klæbu har Buvik kyrkje vindauge i to høgder. Medan Klæbu har eit tak med knekke eller avsats, har Buvik enkle slette valma takflater. Sørmoen meiner stilen dels har preg av empire.[4] Sakristi vart bygd til på austsida i 1978.[1]

Bygget vart i hovudsak sett opp på dugnad. Det åttekanta grunnplanet ga laftehogg på 135° som var ei utfordring for arbeidsfolket. Preikestolen vart sett over alteret («preikestolsalter»). Preikestolen vart i 1880 satt ned i skipet, men i 1930 vart den igjen sett over alteret. Preikestolen over alteret blir lite brukt og presten brukar i staden ein laus talarstol på golvet. Fire kraftige, marmorerte søyler ber tårnet og sperrar utsynet mot koret frå deler av skipet (Klæbu har ingen slike støtter under tårnet[4]). Den åttekanta forma ga bygget tilnamnet «stappklubba». Bygget vart pussa opp til jubileet i 1969. Kyrkjebygget mangla opphaveleg sakristi og fekk i 1978 sakristi i eit tilbygg på austsida. Tårnet hadde opphaveleg ein rund kuppel som vart øydelagt av lynnedslag i 1861 og kyrkja fekk då eit åttekanta klokkehus i staden. Taket fekk i 1920 altaskifer i staden for det raude teglsteinstaket.[3]

Rasmussen nemner Svend Aspås og Forseth som arkitektar.[5]

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja har preikestolsalter.[2] Døypefonten er laga i 1934 og er i tre.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Om Buvik kyrkje på nettstaden til Orkdal prostiVitja 16. juni 2009
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Alf Henry Rasmussen (red., 1993) «Buvik kirke» – i: Våre kirker : norsk kirkeleksikon, s. 242 – Vanebo Forlag, Kirkenær. ISBN 82-7527-022-7.
  3. 3,0 3,1 Anonym (1995) Buvik kirke 1250-1995 – Buvika.
  4. 4,0 4,1 Anonym (2001) Skjønnhetens århundre. Bind 2 av Kirker i Norge – Oslo.
  5. Rasmussen, Alf Henry (1993) Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, s. 242 – Vanebo forlag, Kirkenær. ISBN 82-7527-022-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]