Hopp til innhald

Blodtopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sanguisorba officinalis)
Blodtopp
Blodtopp
Blodtopp
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Blodtoppslekta Sanguisorba
Art: Blodtopp S. officinalis
Vitskapleg namn
Sanguisorba officinalis

Blodtopp (Sanguisorba officinalis) er ein blome i blodtoppslekta.

Han veks i kystområde i Noreg sør i landet og nord til Hardangerfjorden. Planten er rekna som livskraftig i Noreg.[2]

Blome av blodtopp.

Blodtopp er blitt brukt innan urtemedisin, opphavet til det vitskaplege namnet officinalis. Han blei også kalla pimpinell, pimpernell eller bibernel, på apoteklatin Pimpinella italica. I dag er pimpernell namnet på ein annan, nærskild blom, Sanguisorba minor.

I folkemedisin er blodtopp nytta innvortes ved diarré og utvortes ved brennsår (fersk, sreld rot). Også fersk saft av ein blømande plante kan brukast. Aktive stoff er garvestoff, saponin og flavonoid.[3]

Referansar
  1. Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av blodtopp Sanguisorba officinalis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 
  3. Örtmedicin och växtmagi, Reader’s Digest AB, 1983

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Blodtopp