Santali
| Santali | ||
| Klassifisering | Austroasiatisk Mundaspråk Nordmunda ' | |
| Talarar | Santalar | |
| Bruk | ||
| Santalitalande i alt | 6 200 000[1] | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3 | sat | |
| Glottolog | sant1410 | |
Santali er eit mundaspråk som blir tala av rundt 6,2 millonar menneske i aust i India og i Bangladesh; dels også i Bhutan og Nepal. Dei aller fleste av desse i delstatane Jharkhand, Assam, Bihar, Orissa, Tripura, og West Bengal i India.[2]
Språket kan skrivast med det latinske alfabetet, men det blir også skrive med hindi eller bengali-skrift, eller eit eige skriftsystem for santali, ol chiki.[3]
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Av dei som har santali til morsmål, kan 10%–30% lese og skrive språket. Av dei som har lært seg santali som andrespråk, kan 25%–50% lese og skrive. Det blir undervist i santali i grunnskulen i India.[4]
Misjonspresten Lars Skrefsrud omsette dei fire evangelia til santali, og Paul Olaf Bodding førte dette arbeidet vidare - i 1906 var Det nye testamentet omsett til santali, og i 1914 var heile Bibelen omsett til santali. Bodding omsette også salmar og andaktstekster for barn.[5] Utanom den religiøse litteraturen, skreiv Skrefsrud og Bodding ned mange tekstar med folkedikting.[6]
Grammatikk
[endre | endre wikiteksten]Som eit døme på oppbygginga av språket, gir vi her nokre glimt av grammatikken i sanatali.
Lydlære
[endre | endre wikiteksten]Konsontantar
[endre | endre wikiteksten]Santali har 21 konsontantar i tillegg til 10 lukkelydar som blir brukt i visse lånord.
| Bilabial | Alveolar | Retroflex | Palatal | Velar | Glottal | ||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Lukkelydar | ustemd | p (ph) | t (th) | ʈ (ʈh) | c (ch) | k | |
| stemd | b (bh) | d (dh) | ɖ (ɖh) | ɟ (ɟh) <j jh> |
g (gh) | ||
| Frikativar | s | h | |||||
| Nasalar | m | n | ɲ | ŋ | |||
| Vibrantar | r | ||||||
| Flappar | ɽ | ||||||
| Lateralar | l | ||||||
| Halvvokalar | w | j <y> | |||||
I heimlege or er motsetninga mellom stemde og ustemde lukkelydar nøytralisert i endinga av ord.
Vokalar
[endre | endre wikiteksten]Santali har 8 ikkje-nasale og 6 nasale vokalar.
| Fremre | Midtre | Bakre | |
|---|---|---|---|
| Høg | i ĩ | u ũ | |
| Mellomhøg | e | ə ə̃ | o |
| Mellomlåg | ɛ ɛ̃ | ɔ ɔ̃ | |
| Låg | a ã | ||
Santali har mange diftongar.
Morfologi
[endre | endre wikiteksten]Santali er som andre mundaspråk, eit agglutinerande språk som brukar suffiksar.
Substantiv
[endre | endre wikiteksten]Tal
[endre | endre wikiteksten]Det er tre numerus (tal): singularis, dualis og pluralis.
| Singularis | seta | 'hund' |
|---|---|---|
| Dualis | seta-kin | 'to hundar' |
| Plural | seta-ko | 'hundar' |
Kasus
[endre | endre wikiteksten]Kasusendinga kjem etter numerus-endinga.
| Kasus | Markør | Funksjon |
|---|---|---|
| Nominativ | -Ø | Subjekt og objekt |
| Genitiv | -rɛn (levande) -ak', -rɛak' (ikkje-levande) |
Possessor |
| Komitativ | -ʈhɛn/-ʈhɛc' | goal, place |
| Instrumental lokativ | -tɛ | Instrument, årsak |
| Sosiativ | -são | Tilknyting |
| Allativ | -sɛn/-sɛc' | Retning |
| Ablativ | -khɔn/-khɔc' | Opphav |
| Lokativ | -rɛ | Plassering |
Pronomen
[endre | endre wikiteksten]Dei personlege pronomena i Santali skil mellom inkluderande og ekskluderande førsteperson og anafor og demonstrerande tredjeperson.
| Singularis | Dualis | Pluralis | ||
|---|---|---|---|---|
| 1. person | Ekskluderande | iɲ | ɘliɲ | alɛ |
| Inkluderande | alaŋ | abo | ||
| 2. person | am | aben | apɛ | |
| 3. person | Anafor | ac' | ɘkin | ako |
| Demonstrativ | uni | unkin | onko | |
Pronomena skil mellom levande ('kven?') , ikkje-levande ('kva?') og referens ('kva for?').
| Levande | Ikkje-levande | |
|---|---|---|
| Referens | ɔkɔe | oka |
| Ikkje-referens | cele | cet' |
Dei ubestemte pronomena er:
| Levande | Ikkje-levande | |
|---|---|---|
| 'nokon' | jãheã | jãhã |
| 'somme' | adɔm | adɔmak |
| 'ein annan' | ɛʈak'ic' | ɛʈak'ak' |
Talrekka
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste tala er desse:
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 20 | 100 |
| mit' | bar | pɛ | pon | mɔ̃ɽɛ̃ | turui | eae | irəl | arɛ | gɛl | isi | sae |
Verb
[endre | endre wikiteksten]
Bøying ut frå subjekt
[endre | endre wikiteksten]| Singularis | Dualis | Pluralis | ||
|---|---|---|---|---|
| 1. person | Ekskluderande | -ɲ(iɲ) | -liɲ | -lɛ |
| Inkluderande | -laŋ | -bon | ||
| 2. person | -m | -ben | -pɛ | |
| 3. person | -e | -kin | -ko | |
Bøying ut frå objekt
[endre | endre wikiteksten]Transitive verb kan bøyast ut frå situasjonen til objektet.
| Singularis | Dualis | Pluralis | ||
|---|---|---|---|---|
| 1. person | Ekskluderande | -iɲ- | -liɲ- | -lɛ- |
| Inkluderande | -laŋ- | -bon- | ||
| 2. person | -me- | -ben- | -pɛ- | |
| 3. person | -e- | -kin- | -ko- | |
Syntaks
[endre | endre wikiteksten]Santali er eit SOV-språk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Santali (language)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2013.
- ↑ Ethnologue, 1997
- ↑ «Santali: A Language of India». Ethnologue: Languages of the World. SIL International. Henta 16. januar 2012.
- ↑ «A Santali News Paper». Rourkela: Disom Khobor. Henta 18. februar 2012.
- ↑ Ethnologue
- ↑ SNL-biografi
- ↑ SNL