Jharkhand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jharkhand
Geografisk plassering

Delstat i India

Hovudstad Ranchi
Flatevidd

 - Rangering i India

79 700 km²

15.

Folketal (2001)

 - Rangering i India
 - Folketettleik

26 909 428

13.
274/km²

Grunnlagd 15. november 2000
Offisielle språk hindi
Guvernør
Øvste minister
Draupadi Murmu
Raghubar Das
Nettstad www.jharkhand.gov.in

Jharkhand er ein delstat i det austlege India. Han grensar til Chhattisgarh og Uttar Pradesh i vest, Bihar i nord, Vest-Bengal i aust og Orissa i sør. Jharkhand blei danna i 2000 frå den sørlege delen av Bihar. Delstatshovudstaden er Ranchi. Andre større byar i delstaten er Bokaro, Dhanbad, Jamshedpur og Dumka.

Akvarell av Akbarimoskeen ved Ganges nær Rajmahal i Jharkhand. Måla av Sita Ram i 1804.

Det meste av delstaten ligg på Chota Nagpur-høgsletta, som er kjelde til elvane Koel, Damodar, Brahmani, Kharkai og Subarnarekha. Store delar av Jharkhand – over 29 % – er skogdekte, og det finst fleire ville elefantar og tigrar her. Delstaten har også førekomster av kol, jernmalm, uran, mica, bauxitt og fleire andre mineral.

Jharkhand er eit kjerneområde for adivasiar (stammefolk eller urfolk) som snakkar ei rekkje ulike språk frå tre store språkfamiliar: Sadri, hindi, urdu og bengali, som er indoariske språk; korku, santali, mundari, bhumij, paharia og ho som utgjer mundaspråka, og dravidiske språk som korwa, oraon og sauria paharia. Santalar er ei stor befolkningsgruppe som mellom anna Den norske Santalmisjon har hatt mykje å gjera med.

Innbyggjarar i Jharkhand har kjempa for ein eigen delstat sidan India fekk sjølvstende i 1947. Historiske heltar som mundaleiaren Birsa Munda (1875-1900) har vore lokale symbol og førebilete.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.