Santamartamaurpitta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santamartamaurpitta
Illustrasjon av George Miksch Sutton, 1922
Illustrasjon av George Miksch Sutton, 1922
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Santamartamaurpitta
Utbreiinga av Santamartamaurpitta
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Familie: Maurrikser Formicariidae
Slekt: Grallaria
Art: Santamartamaurpitta G. bangsi
Vitskapleg namn
Grallaria bangsi

Santamartamaurpitta (Grallaria bangsi) er ein fugl i maurpittafamilien, han er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Santamartamaurpitta har ei kamuflerande fjørdrakt med olivengrøn overside og kvit underside med mørke streker. Strupen er brunoransje med uklåre streker i. Dei lange beina har blå farge, det kraftige nebbet er mørkt. Kroppsforma er typisk for Kjønna er like. Kroppslengda er på ca. 18 centimeter og gjennomsnittleg kroppsvekt om lag 62 gram.[1]

Denne arten lever på bakken eller lågt i tett, fuktig skog i høgder mellom 1200 og 2400 moh. Han er ikkje så skjerr som typisk for maurpittaer, men blir likevel sjeldan sett. Han er vokal og eit 'vouv-voit' kan høyrast når han er nær.[2]

Storleiken på populasjonen er estimert til under 10 000 individ og er minkande. Trugsmåla er øydelegging av opphavleg vegetasjon.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Krabbe et al
  2. Ridgely og Tudor
  3. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Santamartamaurpitta