Hopp til innhald

Grallaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grallaria
Rustnakkemaurpitta, G. nuchalis, underart G. n. ruficeps
Rustnakkemaurpitta, G. nuchalis, underart G. n. ruficeps
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Familie: Maurpittafamilien Grallariidae
Slekt: Grallaria
Vieillot, 1816

Grallaria er ei biologisk slekt av sporvefuglar som høyrer til maurpittafamilien, Grallariidae. Slekta samlar ei rekke artar heimehøyrande i tropisk Amerika, neotropane, der dei hovudsakleg er utbreidde i Sør-Amerika, mange av dei langs Andesfjella, frå nord på kontinentet, inkludert Trinidad, til nord for Argentina. Ein art, kjedemaurpitta, Grallaria guatimalensis, lever også i Mexico og Mellom-Amerika.

Slekta var tidlegare inkludert i maurfuglfamilien, Formicariidae.[1] Taksonomien til slekta er i stadig utvikling med tidgjengde skildringar av nye artar og omgjering av underartar til artstakson. Døme på det er utvikling av Grallaria rufula-komplekset[2] og andre som gav totalt 13 ekstra Grallaria-artar i åra 2020-2021.

Det feminine generiske namnet Grallaria stammar frå det moderne latinske grallarius: dei som går på styltar; mygg.[3]

Kjempemaurpitta, Grallaria gigantea, foto frå Mindo, Ecuador
Foto: Francesco Veronesi

Fuglane i denne slekta er ei gruppe store maurpittaer med tydelege mønstre i fjørdrakta, dei framstår som runde i kroppsforma, med ekstremt korte halar og veldig lange bein. Kjønna er like. Dei varierer i storleik frå 14,5 cm, dei minste muiscamaurpitta, G. rufula og nøttemaurpitta, G. blakei, til 24 cm der dei største er stormaurpitta, G. excelsa, og kjempemaurpitta, G. gigantea. Dei følgjer eit mønster av nyansar av brunt, raudbrunt og grått, og viser ofte ein eller annan type tverrvatring, skjelmønstre eller striper.

Grallaria-artane lever hovudsakleg i fuktige skogar og fjell, og når det største mangfaldet sitt i Andes. Dei er primært terrestriske, sjølv om hannar av nokre artar sit på låge greiner medan dei syng, og kan røre seg overraskande smidig og snøgt. Dei fleste er notorisk skjerre og lite iaugefallande, sjølv om nokre få artar, spesielt stripehovudmaurpitta, G. andicolus og okermaurpitta, G. quitensis, streifar meir i det halvopne. Alle maurpittaer i denne slekta er mest kjende for sine enkle, men attraktive songar, vanlegvis den første indikasjonen på nærværet deira.

Etter at slekta Pittasoma vart flytta frå maurriksefamilien til myggetarfamilien (Conopophagidae), vart Grallaria saman med Grallaricula, Myrmothera og Hylopezus rekna som eit veldefinert monofyletisk klade, tidlegare inkludert i underfamilien Grallarinae i maurriksefamilien. Denne kladen kan delast i to hovudlinjer: den store og komplekse Grallaria og dei mindre artane i dei tre andre slektene.

Tidlegare underartar som G. quitensis alticola (frå austlege Andes i Colombia) og G. quitensis atuensis (frå nordlege Andes i Peru) har no fått status som sjølvstendige artar, noko som er stødd av alle store klassifiseringsautoritetar basert på morfologiske-, fjørdraktskilnader og skilnader i song.

Nye artar skildra eller opphøgde til artsnivå

[endre | endre wikiteksten]

Studien til Isler et al. (2020) analyserte ulike populasjonar i Grallaria rufula-komplekset, som lever i fuktige fjellskogar frå nord i Colombia og Venezuela til midtre Bolivia. Desse fuglane har generelt einsfarga, kanel- eller kastanjefarga fjørdrakt, med subtile nyansevariasjonar over utbreiingsområdet. Men analysen fann «monalege skilnader i vokaliseringar» mellom isolerte populasjonar.[2]

Ved hjelp av fylogenetiske metodar og diagnostiske skilnader i song (og fjørdraktskilnader der relevant) vart seksten ulike artar identifiserte:

  • Tre allereie anerkjente artar: muiscamaurpitta (G. rufula), nøttemaurpitta, G. blakei, og jernmaurpitta, G. rufocinerea.
  • Sju tidlegare underartar, inkludert den attoppreiste ekvatorialmaurpitta G. saturata.
  • Seks heilt nye artar.

Artsoversyn

[endre | endre wikiteksten]

Her følger Grallaria-maurpittaer i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[4] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[5] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist V9:[6]

Slekt Grallaria
Referansar
  1. ↑ Richard C. Banks, R. Terry Chesser, Carla Cicero, Jon L. Dunn, Andrew W. Kratttter, Irbrby J. Lovetttte, Pamela C. Rasmussen, J. V. Remsen, Jr., James D. Rising, Douglas F. Stotz, and Kevin Winker (2008). «Forty-ninth Supplement to the American Ornithologists' Union Check-list of North American Birds». The Auk. 125 (3): 758–768. doi:10.1525/auk.2008.9708.{{cite journal}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  2. 1 2 Isler, Morton L.; Chesser, R. Terry; Robbins, Mark B.; Cuervo, Andrés M.; Cadena, Carlos Daniel; Hosner, Peter A. (21. juli 2020). «Taxonomic evaluation of the Grallaria rufula (Rufous Antpitta) complex (Aves: Passeriformes: Grallariidae) distinguishes sixteen species». Zootaxa (på engelsk). 4817 (1): 1–74. doi:10.11646/zootaxa.4817.1.1. ISSN 1175-5334.
  3. ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 177. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  4. ↑ Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (2025). «Parrots». IOC World Bird List Version 15.1. International Ornithologists' Union. Henta 10. mars 2025.
  5. ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF) (11. november 2024). «Norske navn på verdens fugler (IOC14.1)». Birdlife Norge. Henta 10. mars 2025.
  6. ↑ «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 9.1 utg.). BirdLife International. 21. oktober 2024. Henta 10. mars 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Grallaria
Commons har multimedium som gjeld: Grallaria