Santamartastifthale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Santamartastifthale
Santamartastifthale
Santamartastifthale
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Synallaxis
Art: Santamartastifthale S. fuscorufa
Vitskapleg namn
Synallaxis fuscorufa

Santamartastifthale (Synallaxis fuscorufa) er ein fugl i omnfuglfamilien som er endemisk til Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Santamartastifthalen er ein omnfugl med rund kroppsform og mykje lang hale på totalt ca. 17 centimeter. Han veg rundt 16 gram. Skuldrene er gråolivenfarga, noko av kroppssidene olivenfarga, elles er fjørdrakta mykje lys raudbrun. Både nebbet og beina er mørke.

Han kan treffast så lågt som 760 moh., men lever helst mellom 2000 og 3000 moh. Her beitar dei insekt og anna leddyr i kratt og tett underskog og rører seg mest ein til to meter, men òg opptil 7 meter over bakkenivå.[1] Dei kan beite i familiegrupper og i fleirartsflokkar,[1] men mest vanleg parvis.[2]

Storleiken på populasjonen er estimert til under 10 000 individ og er minkande. Trugsmåla er utviding av jordbruksområde, skogfelling og nedbrenning av vegetasjon.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 BirdLife International (2015)
  2. Remsen, J.V., Jr (2003)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]