Scarp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scarp
Lokalt namn An Sgarp
Geografi
Scarp is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°2′ N 7°7′ WKoordinatar: 58°2′ N 7°7′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 10,45 km²

Høgaste punkt Sròn Romul (308 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Scarp er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland, vest for HushinishHarris. Øya var tidlegare busett og det vart utført fleire mislukka forsøk med postrakettar, som sidan har medverka til to filmar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Scarp har eit areal på 10,45 km². Det meste av øya er steinete og ikkje mogeleg å dyrke, og ho er dominert av to åsar. Den høgaste er 308 meter over havet. Det ligg eit lite lågtliggande område med dyrkbar mark i det søraustlege hjørnet av øya, og det var her innbyggjarane ein gong budde. I 1881 hadde Scarp 213 innbyggjarar, og så seint som i 1940-åra budde det over 100 menneske her. Scarp var ei av fleire skotske øyar, i lag med mellom anna St Kilda og Handa, der alle mennene på øya samla seg kvar morgon for avgjere kva arbeid som skulle gjerast denne dagen. Slike møte varte ofte fleire timar og medførte at det ikkje vart gjort noko arbeid den dagen, bortsett frå av kvinnene på øya.

Scart sett frå Hushinish

I 1950- og 1960-åra fall folketalet på øya. Skulen vart stengd i 1967 og i 1971 var det berre 12 innbyggjarar att. Mot slutten av 1971 måtte dei siste innbyggjarane flytte til Harris. Eit par av husa på øya vert i dag nytta som feriebustader.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Den tyske oppfinnaren Gerhard Zucker gjorde eit forsøk der han prøvde å levere posten på øya som rakettpost.[1][2] I juli 1934 gjorde Zucker to mislukka forsøk på å skyte opp postraketten mellom Scarp og Harris.[3] Ein kan framleis sjå signerte konvoluttar frå den eksploderte raketten på museum på øya.[4]

Rakettposteksperimentet har vore opphav til to filmar, The Rocket Post, frå 2002, filma på Taransay[5], og ein annan film med same namn frå 2006, som var laust basert på denne hendinga.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Real Life Story of Gerhard Zucher». Film Hebrides. Arkivert frå originalen 28. august 2008. Henta 2. mars 2010. 
  2. «Sketch diagram of rocket, 1934». British Postal Museum & Archive. Arkivert frå originalen 8. mars 2010. Henta 2. mars 2010. 
  3. «Western Scotland - The Coast and Western Isles». BBC - Coast Series 1. Henta 2. mars 2010. 
  4. «Overview of Scarp». Gazetteer for Scotland. Henta 2. mars 2010. 
  5. «The Rocket Post (2001)». Film Hebrides. Arkivert frå originalen 24. juli 2008. Henta 2. mars 2010. 
  6. «Shauna Macdonald On The Rocket Post». BBC. Henta 2. mars 2010.