Sean Mayes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sean Mayes
Fødd 17. mars 1945
Død

12. juli 1995

Instrument

piano

Yrke skribent

Sean Mayes (17. mars 19451995) var ein britisk pianist og forfattar.

Han var fødd i Somerset, og gjekk på skule i Bristol. Han vann ein plass på Trinity College i Cambridge, der han fekk ein grad i filosofi.

Mayes spelt i rockebandet Fumble, som varma opp for David BowieZiggy Stardust-turneen i 1972. Han spelte på tre album med Fumble, og var ein del av den originale besetninga av Elvis!Astoria Theatre.

I 1978 vart Mayes med Bowie for Isolar II-turneen, og spelte på Stage og Lodger, som kom i 1979. I 1983 vart han med Tom Robinson for «War Baby» og andre albumspor.

Mayes døydde i London i 1995.[1] Han skreiv boka Life on Tour with David Bowie: We Can Be Heroes, som vart gjeven ut i 1999, fire år etter han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Grim Reaper's Greatest Hits». Rockmine.com. Henta 9. mai 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]