Stage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stage av David Bowie)
Hopp til navigering Hopp til søk
Stage
Konsertalbum av David Bowie
Utgjeve 8. september 1978
Innspelt 28–29. april, 5–6. mai 1978
Spelestad
Sjanger Rock
Lengd
    • 73:17 (original)
    • 77:17 (1991 CD)
    • 85:31 (2005 CD)
    • 94:30 (2017)
Selskap RCA
Produsent
David Bowie-kronologi
David Bowie Narrates Prokofiev's Peter and the Wolf
(1978)
Stage Lodger
(1979)


Singlar frå Stage
  1. «Breaking Glass»
    Utgjeve: November 1978

Stage er det andre konsertalbumet til den engelske musikaren David Bowie, spelt inn under Isolar II-turneen og gjeve på RCA Records ut i 1978. Dei første britiske utgåvene kom ut på gjennomsiktig, gul vinyl, medan somme europeiske trykk kom ut på blå vinyl. Sidan originalutgjevinga har Stage kome ut fleire gonger, kvar med utvida sporliste.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songane vart spelt inn på tre konsertar i USA, i Philadelphia, Providence og Boston seint i april og tidleg i mai 1978. Dei fleste songane var henta frå dei siste studioalbuma til Bowie, Station to Station, Low og "Heroes", men noko overraskande inneheldt òg albumet fem songar på rad frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Bowie hadde med seg sine faste musikarar frå denne tida, Carlos Alomar, Dennis Davis og George Murray, i tillegg til Adrian Belew (som fram til då hadde spelt litt med Frank Zappa) på gitar, Simon House frå Hawkwind på elektrisk fiolin, Roger Powell på tangentinstrument og Sean Meyes på piano, strykarar og korvokal. Alle vart seinare med på det neste studioalbumet til Bowie, Lodger.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Blender2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg
Christgau's Record GuideB+[2]
The Encyclopedia of Popular Music2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
NME8/10[4]
MusicHound3/5[5]
Pitchfork Media7.9/10[6]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[7]
Select4/5[8]
Uncut3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[9]

Stage selde godt og i Storbritannia nådde det femteplassen og selde til gullplate. Det nådde òg 44. plassen på den amerikanske albumlista.

«Breaking Glass», som opphavleg kom ut ei kortare form på Low, kom ut på ein 3-spors EP og nådde 54. plassen på den britiske singellista. I USA vart «Star» gjeven ut som ein 3-spors EP, men gjekk ikkje inn på lista. I Japan vart «Soul Love» gjeven ut med «Blackout» på B-sida, men han gjekk ikkje inn på singellista.

Generelt vert albumet rekna som meir avslappa enn det førre konsertalbumet hans, David Live (1974), og fekk ros for god lyd og god framføring. Samstundes endra Bowie lite på arrangementa - i motsetnad til kva han hadde gjort på David Live – og Stage la lite til det som alt var på dei originale albuma, og det vart av somme kommentatorar sett på som eit marknadsføringstriks som ikkje rettferdiggjorde konsertane. Det vart kritisert for å mangle konsertkjensla sidan ein sjeldan høyrer publikum. Den opphavlege rekkefølgja på songane vart i tillegg endra på og lyden tonar inn og ut mellom kvart spor, som om det var eit studioalbum. Sjølv plateomslaget vart kritisert, mest fordi resten av omslaget berre bestod av variasjonar av det same biletet.

Stage gjekk opp til femteplass på den britiske albumlista, men berre til 44. plass i USA. «Breaking Glass» vart gjeve ut på singel.

I 2005 vart albumet gjeve ut på nytt med rett rekkefølgje på spelelista, og utan at songane vart tona ut mellom kvart spor.

I ei melding for 1991-utgåva sa Mat Snow i Q at «framføringane er kjappare enn studiooriginalane og lid under det. Det dei oppnår med dette tapar dei i kraft og intensitet.»[10]

Utgåva frå 2005 tok hand om mykje av kritikken frå den originale plata. I meldinga si for denne utgåva skreiv Chris Roberts i Uncut at kombinasjonen av Low/Heroes-perioden og songane frå Ziggy Stardust skapte eit konsertalbum som var ein «uhyggeleg klapring mellom to stolar». Han sa at forbetringa av lyden gjort av Tony Visconti og tillegg med «Stay» og «den glimrande 'Be My Wife'» gjorde den nye versjonen av Stage «essensiell for Dave-freaks, uansett».[9]

Albumet er med på lista til The Quietus over dei 40 beste konsertalbuma.[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spor skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Original LP frå 1978[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Hang On to Yourself»3:26
2.«Ziggy Stardust»3:32
3.«Five Years»3:58
4.«Soul Love»2:55
5.«Star»2:31
Total lengd:16:22
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Station to Station»8:55
2.«Fame» (Bowie, Carlos Alomar, John Lennon)4:06
3.«TVC 15»4:37
Total lengd:17:38
Side tre
Nr.TittelLengd
1.«Warszawa» (Bowie, Brian Eno)6:50
2.«Speed of Life»2:44
3.«Art Decade»3:10
4.«Sense of Doubt»3:13
5.«Breaking Glass» (Bowie, Dennis Davis, George Murray)3:28
Total lengd:19:25
Side fire
Nr.TittelLengd
1.«“Heroes”» (Bowie, Eno)6:19
2.«What in the World»4:24
3.«Blackout»4:01
4.«Beauty and the Beast»5:08
Total lengd:19:52 (73:17)

Kassettutgåva plasserte «Speed of Life» mellom «Fame» og «TVC 15».

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Stage har kome ut på CD fire gonger. Første gongen var i 1984 på RCA Records, så i 1991 på Rykodisc (med eitt bonusspor), sidan i 2005 på EMI, og sist i 2017 på Parlophone (òg på vinyl). Rekkjefølja på utgåvene frå 2005 og 2017 reflekterer dei faktiske konsertane og har fjerna inn- og uttoninga mellom spora, og inneheld i tillegg songar som ikkje tidlegare var med på dei tidlegare utgåvene.

1984-utgåva[endre | endre wikiteksten]

CD-utgåva frå 1984 inneheld same rekkjefølgje som den originale LP-utgåva og kom på to plater, trass i at den doble LP-utgåva var kort nok til å passe inn på ein enkel CD.

1991-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I 1991 vart Stage gjeve ut på CD med den same rekkjefølgja som på den originale plata, men med «Alabama Song» som bonusspor.

CD 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Hang On to Yourself» 3:26
2.«Ziggy Stardust» 3:32
3.«Five Years» 3:58
4.«Soul Love» 2:55
5.«Star» 2:31
6.«Station to Station» 8:55
7.«Fame»Bowie, Alomar, Lennon4:06
8.«TVC 15» 4:37
Total lengd:34:00
CD 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Warszawa»Bowie, Eno6:50
2.«Speed of Life» 2:44
3.«Art Decade» 3:10
4.«Sense of Doubt» 3:13
5.«Breaking Glass»Bowie, Davis, Murray3:28
6.«“Heroes”»Bowie, Eno6:19
7.«What in the World» 4:24
8.«Blackout» 4:01
9.«Beauty and the Beast» 5:08
10.«Alabama Song» (bonusspor)Bertolt Brecht, Kurt Weill4:00
Total lengd:43:17 (77:17)

2005-utgåva[endre | endre wikiteksten]

2005-utgåva kom med ein ny rekkjefølgje på songane, som reflekterte den originale setlista på konsertane. Det vart i tillegg lagt til to songar som ikkje var gjevne ut tidlegare som bonusspor.

CD 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Warszawa»Bowie, Eno6:46
2.«“Heroes”»Bowie, Eno6:10
3.«What in the World» 4:16
4.«Be My Wife» (ikkje tidlegare utgjeven) 2:35
5.«Blackout» 3:52
6.«Sense of Doubt» 3:07
7.«Speed of Life» 2:39
8.«Breaking Glass»Bowie, Davis, Murray3:22
9.«Beauty and the Beast» 5:00
10.«Fame»Bowie, Lennon, Alomar4:03
Total lengd:41:50
CD 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Five Years» 3:58
2.«Soul Love» 2:55
3.«Star» 2:25
4.«Hang On to Yourself» 3:21
5.«Ziggy Stardust» 3:37
6.«Art Decade» 3:01
7.«Alabama Song»Brecht, Weill3:55
8.«Station to Station» 8:40
9.«Stay» (ikkje tidlegare utgjeven) 7:17
10.«TVC 15» 4:32
Total lengd:43:41 (85:31)

2017-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I 2017 kom albumet i to versjonar i plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) på Parlophone. Ein versjon inneheld den originale miksen og den same rekkjefølgja som på det originale albumet. Den andre var ei ny utgåve av albumet, basert på 2005-utgåva, men i tillegg med opptak som ikkje var gjevne ut før frå konsertane.[12] Sistnemnde kom òg ut separat, som dobbel-CD og på tre LP-ar i 2018.[13]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Warszawa»Bowie, Eno6:53
2.«“Heroes”»Bowie, Eno6:19
3.«What in the World» 4:25
Total lengd:17:37
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Be My Wife»2:49
5.«The Jean Genie» (Ikkje tidlegare utgjeven)6:17
6.«Blackout»4:00
7.«Sense of Doubt»3:07
Total lengd:16:13
Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Speed of Life» 2:40
9.«Breaking Glass»Bowie, Davis, Murray3:22
10.«Beauty and the Beast» 5:06
11.«Fame»Bowie, Alomar, Lennon4:13
Total lengd:15:21
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Five Years» 3:57
13.«Soul Love» 2:56
14.«Star»Bowie, Eno2:28
15.«Hang On to Yourself» 3:22
16.«Ziggy Stardust» 3:30
17.«Suffragette City» (Ikkje tidlegare utgjeven) 3:58
Total lengd:17:43
Side fem
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
18.«Art Decade» 3:01
19.«Alabama Song»Brecht, Weill3:55
20.«Station to Station» 8:43
Total lengd:15:39
Side seks
Nr.TittelLengd
21.«Stay»7:21
22.«TVC 15»4:36
Total lengd:11:57 (94:30)
CD 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Warszawa»Bowie, Eno6:53
2.«“Heroes”»Bowie, Eno6:19
3.«What in the World» 4:25
4.«Be My Wife» 2:49
5.«The Jean Genie» (Ikkje tidlegare utgjeven) 6:17
6.«Blackout» 4:00
7.«Sense of Doubt» 3:07
8.«Speed of Life» 2:40
9.«Breaking Glass»Bowie, Davis, Murray3:22
10.«Beauty and the Beast» 5:06
11.«Fame»Bowie, Alomar, Lennon4:13
Total lengd:49:11
CD 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Five Years» 3:57
2.«Soul Love» 2:56
3.«Star» 2:28
4.«Hang On to Yourself» 3:22
5.«Ziggy Stardust» 3:30
6.«Suffragette City» (Previously unreleased) 3:58
7.«Art Decade» 3:01
8.«Alabama Song»Brecht, Weill3:55
9.«Station to Station» 8:43
10.«Stay» 7:21
11.«TVC 15» 4:36
Total lengd:47:51 (94:30)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Jan Michael Alejandro – bandteknikar
  • Vern «Moose» Constan – bandteknikar tech
  • Rob Joyce – scenemanager
  • Leroy Kerr – bandteknikar
  • Edd Kolakowski – piano- og klaverteknikar (Australia, New Zealand og Japan)

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1978 Nederlandske album (MegaCharts)[14] 2
1978 Newzealandske album (Recorded Music NZ)[15] 1
1978 Norske album (VG-lista)[16] 18
1978 Svenske album (Sverigetopplistan)[17] 29
1978 Britiske album (OCC)[18] 5
1978 US Billboard 200[19] 44
2005 Franske album (SNEP)[20] 162
2018 Hellas[21]Mal:Failed verification 68

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[22] none 139,300[23]
New Zealand (RMNZ)[24] Gull 7 500^
Storbritannia (BPI)[25] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Stage – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 11. februar 2021. Henta 20. august 2021. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: B». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 22. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. 
  4. «NME Album Reviews - Bowie, David : Stage». Nme.Com. 7. april 2005. Henta 12. januar 2012. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 151. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. «David Bowie: David Live / Stage». Pitchforkmedia. Arkivert frå originalen 30. august 2006. 
  7. «David Bowie: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 30. mai 2011. Henta 18. august 2021. 
  8. Collis, Andrew (March 1992). «David Bowie: Stage». Select: 75. Henta 30. juli 2021. 
  9. 9,0 9,1 Roberts, Chris (April 2005). «David Bowie Stage». Uncut: 130. 
  10. Snow, Mat (March 1992), Q
  11. John Doran (5. februar 2013). «The Quietus Writers' 40 Favourite Live Albums». The Quietus. 
  12. «A New Career in a New Town (1977–1982)». David Bowie. 12. juli 2016. Arkivert frå originalen 20. august 2021. Henta 17. august 2021. 
  13. Paul Sinclair (19. januar 2018). «David Bowie / Remastered ‘Berlin’ albums available separately next month». Super Deluxe Edition. Henta 17. august 2021. 
  14. "David Bowie – Stage". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  15. "David Bowie – Stage". Charts.org.nz. Hung Medien.
  16. "David Bowie – Stage". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  17. "David Bowie – Stage". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  18. "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  19. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  20. "David Bowie – Stage". Lescharts.com. Hung Medien.
  21. «IFPI Charts». www.ifpi.gr. Henta 18. mars 2018. 
  22. «French album salstrofé – David Bowie – Stage» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  23. «Les Meilleures Ventes de CD / Albums «Tout Temps»» [Bestsellers of CDs / Albums «All Time»]. InfoDisc (på fransk). 
  24. «New Zealand album salstrofé – David Bowie – Stage». Recording Industry Association of New Zealand. 
  25. «British album salstrofé – David Bowie – Stage». British Phonographic Industry.  Enter Stage in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go