Sector-motorsaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Motorsaga Sector.
Sector-saga vert testa ved Skoghögskolan i 1917

Sector var ei motorsag utvikla av Alex Ulrik Westfelt i Mariendal i Sverige[1]. Omgrepet «motorsag» fannst ikkje på denne tida, så Westfelt kalla saga «Trädfällningsmakinen Sector».

Saga hadde eit U-forma bogesverd, med trinser i dei fire hjørna, som kjeda gjekk over. Kjeda hadde tenner av skrapetypen, som på stokksager og tømmersvansar[1]. Motoren var ein Arkimedes totaktsmotor, med ein effekt på 2,5 eller 5 hk. Bogesverdet hadde ein masse på 15 kg og motoren hadde ein masse på 40 kg. Motoren var difor plassert på marka, og drivkrafta vart overført til nogesverdet via ein fleksibel aksling[1].

Saga vart produsert av AB J.A. Andersons Veksstad i Stockholm. Sector vart demonstrert i 1916[1] og i 1917 vart saga testa på Skoghögskolan, i samarbeid med Statens Maskin- & Redskapsprovingsanstalt. Desse testane synte at saga i gjennomsnitt ikkje fungerte meir en 45 min mellom kvar gong ho trong ettersyn. Etter dette vart det utført omfattande endringar. Mellom anna vart den fleksible kraftoverføringsakselen bytta ut med ein kardanaksel.

Etter desse endringane var saga sett i produksjon. Det tyske militæret var mellom kundane, og i 1919 - 1920 vart saga demonstrert fleire stader i Tyskland. På 1920-talet vart Sector òg produsert i Lübeck og seld for sivile føremål. I 1924 vart det på nytt utført omfattande forbetringar. Då Stihl og Dolmar mot slutten av 1920-talet tok til å produsera etter måten driftsikre tomannssager vart Sector-saga utkonkurert og produksjonen vart lagt ned. Det er usikkert kor mange sager som vart produsert, men i fylgje [1] kan det ha vore rundt 5000.

Sjølv om det var tungvint å flytta og setta opp saga var Sector var den fyrste kjedemotorsaga med bensinmotor som fungerte såpass bra at ho kunne nyttast for praktsik arbeid.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Sporrong, B., Från yxa till enmansmotorsåg - mekanisering i nordiska skogar 1850 till 1950, Habo, 2013.