Senkakuøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa av Senkakuøyane
Kart som viser Japans og Kinas krav til økonomisk sone pluss området til Senkakuøyane og det omstridde gassfeltet.[1]
Kart som viser avstandar i området.

Senkakuøyane (尖閣諸島; Senkaku-shotō; japansk namn) eller Diàoyúdǎo/Diàoyútái (forenkla kinesisk 钓鱼岛; tradisjonell kinesisk: 釣魚台; kinesisk namn; Diaoyu: kinesisk namn på engelsk) er ei omstridd gruppe ubefolka øyar i Austkinahavet. Dei er 120 nautiske mil nordaust for Taiwan, 200 nautiske mil austom det kinesiske fastlandet og 200 nautiske mil sørvest for den japanske øya Okinawa. Administrativt utgjer øyane ein del av det japanske prefekturet Okinawa. Dei vart annektert av Japan i 1895, og etter Japans nederlag i andre verdskrig var dei okkupert av USA frå 1945 til 1972, då dei vart overført attende til japansk kontroll. Òg Folkerepublikken Kina og Republikken Kina gjer krav på øyane.

Øygruppa består av fem holmar og tre aude klipper, og har eit samla landareal på 6,16 KM². Arealet til den største holmen er på 4,38 km². Til trass for den avgrensa storleiken har øyane segla opp som eitt av dei større stridsspørsmåla mellom Folkerepublikken Kina og Japan. Denne konflikten spissa seg til i september 2012, og førte til store antijapanske protestar i Kina. Havområdet rundt øyane er rikt på fisk, og ein trur det kan finnast naturgass under sjøbotnen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Uotsuri-jima, den vestlegaste i Senkakugruppa

Øyane er nemnt i kinesiske kjelder frå 1400-talet. Dei vart då omtalt som Diaoyu i bøker som Ferd i medvind[a] (1403) og Rapport frå ferda til den keiserlege utsendinga til Ryukyu[b] (1534).[c] På dei keiserlege kinesiske karta frå Ming-dynastiet vart det kinesiske namnet for øygruppa, Diaoyu, og det japanske namnet for hovedøya, Uotsuri, brukt; begge tyder 'fiske'.

Den første skildringa av øyane som vart utgjeven i Europa, var i ei bok importert av Isaac Titsingh i 1796. I det vesle biblioteket hans med japanske bøker fanst blant anna Ei illustrert skildring av tre land av Hayashi Shihei.[2] Denne teksta, som vart gjeve ut i Japan i 1785, skildra kongedømmet Ryukyu.[3] I 1832 støtta Royal Asiatic Society ei posthum utgjeving av Titsingh si franske omsetjing.[4]

Den første omtalen av øyane på engelsk kom i 1848, då Edward Belcher utgav ei ferdskildring av ein tur med HMS «Sammarang».[5] Kommandør Belcher kommenterte at «namna i denne regionen har vorte teke med utan nøye vurdering.» Belcher rapporterte om ankring ved Pinnacle Island i mars 1845.[6][7]

I 1870–80-åra vart det engelske namnet Pinnacle Islands (tårnøyane) brukt om skjera som er i tilknyting til den største øya Uotsuri-jima/Diaoyu Dao (vart då kalla Hoa-pin-su, 和平屿, «fredsøya»); Kuba-jima/Huangwei Yu (då kalla Ti-a-usu); og Taishō-jima/Chiwei Yu. Seinare vart Pinnacle Islands brukt som namn på heile øygruppa.[8][9]

Japanske arbeidarar ved fabrikken som foredla sarda (makrell) på den største øya Uotsuri-jima rundt 1910.[10]
To av dei omstridde øyane – Kita-Kojima (venstre) og Minami-Kojima (høgre)

Øyane vart formelt annektert av Japan 14. januar 1895.[11][d]

Frå rundt 1900 etablerte den japanske forretningsmannen Koga Tatsushirō eit foredlingsanlegg for sarda på øyane med 200 arbeidarar.[12] Denne verksemda vart lagt ned i 1940, og auga har sidan vore ubebodde.[10] I 1970-åra selde Koga Tatsushirōs etterkommarar Zenji og Hanako Tatsushirō dei fire øyane til Kurihara-familien frå prefekturet Saitama. Under føresetnad at Kuriharafamilien ikkje skulle selja øyane vidare med mindre det var til den japanske staten, eller offentlege organisasjonar.[13]

Kunioki Kurihara eig Uotsuri, Kita-Kojima og Minami-Kojima.[14] Kunioki si syster eig Kuba.[15]

Frå 1945 til 1972[endre | endre wikiteksten]

Ryukyuøyene er øygruppa som strekkjer seg i ein boge frå Kyushu, den sørlegaste av dei store japanske øyane, til Taiwan. Den største øya er Okinawa. Etter slaget om Okinawa i juni 1945 vart Ryukyuøyene okkupert og styrt av det amerikanske forsvaret. Etter San Francisco-traktaten i 1952 fekk området lokal politisk makt, men var eigenleg enno okkupert og vart styrt av USAs sivile administrasjon av Ryukyuøyene.[16][e] I 1972 vart Senkakuøyene overført til japansk kontroll som ein del av attendeleveringa av Okinawa, og øyane vart ein del av prefekturet Okinawa.[16]

I 1971 erklærde òg styresmaktene til Republikken og Folkerepublikken Kina at øyane tilhøyrde dei.[17]

Etter 1972[endre | endre wikiteksten]

Etter at styret vart overført til dei japanske styresmaktene, vart øyane lagt under administrasjonen til kommunen Ishigaki på Okinawa. Dei sentrale japanske styresmaktene har likevel nekta Ishigaki å undersøkja eller utvikla øyane.[10][18] I 1979 vart øyane vitja av ein offisiell delegasjon på vegne av den japanske regjeringa. Delegasjonen bestod av 50 vitskapsfolk, offentlege tenestemenn, og Hiroyuki Kurihara, ein av eigarane. Delegasjonen budde på Uotsuri i rundt fire veker og undersøkte det lokale økosystemet, der dei fann moldvarpar og sauer, og studerte det maritime livet, for å sjå om øyane kunne folkesetjast av menneske.[19]

I årane frå 2002 til 2012 betalte det japanske innenriks- og kommunikasjonsdepartementet Kurihara-familien ei leige på 25 millionar yen årleg for å leige Uotsuri, Minami-Kojima og Kita-Kojima. Det japanske forsvarsdepartementet leiger øyane Kuba for eit ukjent beløp. Kuba vert brukt av det amerikanske forsvaret som øvingsområde for bombing frå fly. Dei japanske sentrale styresmaktene eig Taisho-øya.[19][20]

Tilspissing frå 2012 –[endre | endre wikiteksten]

Anti-japanske demontrasjonar i Kina i september 2012
Kartet viser overlappande japanske og kinesiske luftforsvarssonar

Fredag 14. september 2012 sende Folkerepublikken Kina seks militære patruljebåtar inn i det japanske territorialfarvatnet ved øyane for å hevda suvereniteten sin. Dette kom etter at den japanske regjeringa hadde avgjort å kjøpa tre av øyane av den japanske familien Kurihara for rundt 150 millionar kroner, noko kineserne såg på som ei «sniknasjonalisering» av øyane.[21][22] Dei kinesiske fartøya trekte seg unna då Japan sende inn kystvakta si. Dette utløyste omfattande anti-japanske oppstandar i Kina gjennom den følgjande helga, der både den japanske ambassaden i Beijing og japanske fabrikkar og butikkar vart angripe blant anna med steinkasting.[22] Dette var dei meste omfattande demonstrasjonane i Kina på mange år.[23]

Den amerikanske forsvarsministeren Leon Panetta var på ein lenge planlagd ferd i området og han bad partane om å besinne seg.[22] USA er traktatforplikta ovafor Japan til å støtta landet militært om det vert angripe, men amerikanarane har ikkje offisielt uttalt om dei ser desse øyane som japansk territorium.[23] Amerikansk militær innblanding vert rekna som lite sannsynleg.[24][25]

19. september 2012 vart det meldt om omfattande hackerangrep mot nettsidene til sentrale japanske samfunnsaktørar, som forsvars-, informasjons- og innanriksdepartementet, bankar, høgsterett, teknologiinstituttet og store næringslivsføretak. I følgje japansk politi kom desse angrepa frå Kina.[26] Det vart frå kinesisk hald òg truga med handelskrig, og den politiske konfrontasjonen førte til at børsen i Tokyo fall betrakteleg.[27][28]

23. november 2013 erklærde Kina ei luftforsvarssone over øyane.[29] Sona overlappar den japanske sona. USA aksepterer ikkje sona og har sendt in B-52 bombefly som ikkje har identifisert seg. USA har likevel meldt til sivile flyselskap at dei skal melda i frå når dei flyr inn i sona.[30]

Suverenitetsstrid[endre | endre wikiteksten]

Grenser for økonomiske soner
Japansk kart frå 1785 som viser at øyane er kinesiske. Fujian provinsen og Senkakuøyene har raud farge. På japansk brukar dei det kinesiske namnet «Diaoyutai». Det japanske «Kumi» fjellet har gul farge, det same som Ryukyuøyene. Dette beviser at Japan på denne tida meinte at øyane var kinesiske.[31]
«Kart over Tokara- og Senkakuøyene», utgjeve i Japan, 1933.[32]

Både Japan, Folkerepublikken og Republikken Kina gjer krav på Senkaku/Diaoyu-øyane. Kor viktig øyane er for landa kjem av historiske tilhøve, militærstrategiske interesser og i at området rundt øyane er viktig for skipsfart, har rike fiskeressursar og moglege oljeførekomstar.[33][34] Kina har truleg funne naturressursar i det området dei har døypt Chunxiaofeltet, som ligg berre fire kilometer inn på den kinesiske sida av den japanske midtlinja.[35][36] Tvisten om øyane er ein havrettskonflikt (økonomisk sone). Senkaku/Diaoyu-statusen på øyane vil truleg avgjera kor stor del av olje- og gassfelta lenger nord som fell til Kina og Japan.[37]

Folkerepublikken Kinas påstand[endre | endre wikiteksten]

  1. Míng-dynastiet oppdaga og utøvde suverenitet over øyane sidan det 14. århundret. Dei dreiv fiske rundt øyane og brukte dei som vern under stormar. På øyane hausta dei òg shi cong yong[38], ein sjeldan urt brukt i kinesisk medisin. Enkekeiserinne Cixi gav øyane til ein Dr. Sheng-Xuan-hui, som heila henne ved bruk av desse urtene.[39]
  2. Kina hevdar at Japan aksepterte at dei hadde suverenitet over Senkaku/Diaoyu-øyane før 1895. I eit dokument frå 1885 åtvarar Japans utanriksminister, Inoue Kaoru, regjeringa om å merka øyane som japansk eigedom, fordi kineserne ikkje ville like det og fordi det var kinesiske namn på dei: «Vi må venta til rett augneblunk». Dei viser òg til eit japansk kart frå 1785 som viser at øyane er kinesiske.[39][40]
  3. Japan skulle ha avstått øyane etter andre verdskrig (Kairodeklarasjonen og Potsdamavtalen).[41][42] Kina aksepterer at Japan etter Shimonosekitraktaten[43] hadde suverenitet over Senkakuøyene frå 1895 til 1931.[44] Kina protesterte ikkje på Shimonosekitraktaten fordi dei ikkje var i posisjon til det og fordi dei måtte avgi ein heil provins.
  4. Senkaku/Diaoyu-øyane ligg på Kinas kontinentalsokkel og er ei forlenging av Taiwans austlege fjellkjede. Ryukyuøyene har ingen kontinentalsokkel.

«Okinawarenna beviser at Kinas og Japans kontinentalsoklar ikkje hengjer saman, at renna fungerer som ei grense mellom desse og at han ikkje bør ignorerast...» Dei viser til Havrettskonvensjonen der kyststatar har rettar over kontinentalsokkelen sin sjølv om han strekkjer seg meir enn 200 nautiske mil frå kysten og beregning av avstandane frå kysten skal ikkje inkludera klipper der det ikkje er mogleg for menneske å bu eller driva næringsverksemd.[45] Difor går den kinesiske grenselinja der Okinawarenna byrjar.[39][46][47] Med desse argumenta er det ikkje naudsynt for Kina å hevda suverenitet over Senkaku/Diaoyu-øyane. Dei kjem likevel innanfor Kina sine «grenser».

Japans påstand[endre | endre wikiteksten]

  1. Senkaku/Diaoyu-øyane var ingenmannsland (terra nullius), og vart gjort japanske ved eit regjeringsvedtak 14. januar 1895.[11][f]
  2. Japan har utøvd suverenitet ved å regulera økonomisk aktivitet, leiga dei ut til private som samla inn guano og albatrossfjør. Dei har bygd ein værstasjon og eit helikopterlandeplass. Dei har òg gjort landmåling. Kystvakten patruljerer området rundt øyane.[11]
  3. Viss Kina nokon gong har hatt eigedomsretten, kvifor protesterte dei ikkje før i 1971?[11][17]

Etter havrettskonvensjonen kan Japan oppretta ei økonomisk sone ut til 200 nautiske mil frå kysten av Senkaku/Diaoyu- og Ryukyuøyene. Avstanden er for kort til dette, difor argumenterer dei for midtlinja. Suverenitet over Senkaku/Diaoyu-øyane gjev Japan eit mykje større sjøområde. Japan tolkar Okinawarenna som at «renna berre er ei tilfeldig fordjupning i ei kontinuerleg kontinentalgrense mellom dei to landa... og renna bør ignorerast...»[45]

Republikken Kinas påstand[endre | endre wikiteksten]

Republikken Kina (Taiwan) har dei same krav som Folkerepublikken.

Namnebruk[endre | endre wikiteksten]

Hovedøya heiter Uotsuri-jima på japansk og Diaoyu Dao på kinesisk, begge namna tyder Fiskeøya. Senkaku shoto er ei japansk omsetjing av Pinnacle Islands («Sen» tyder spiss eller kvas sitt; «kaku», tårn og «shoto», øyane; «Tårnspissauga»), medan kineserne brukar Diaoyu Qundao[48] for heile øygruppa.[9]

  • Diaoyu Dao / Uotsuri-jima (kinesisk for «Fiskeøyane»): frå det 15. århundret til i dag.
  • The Pinnacle Islands (engelsk for «Tårnøyane»): frå 1845 til i dag.
  • Senkakuøyene (japansk omsetjing av Pinnacle Islands «Tårnspissøyane»): frå 1950 til i dag.[9]

Då øyane er administrert av Japan brukar dei fleste «Senkaku». I nøytrale artiklar brukar dei ofte «Diaoyu/Senkaku».

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nokon av øyane – Uotsuri-jima (venstre), Kita-Kojima og Minami-Kojima (høgre)

Øygruppa består av fem ubebudde holmar og tre aude klipper.

Desse småøyane i Østkinahavet ligg rundt 120 nautiske mil nordaust for Taiwan, 200 nautiske mil austom det kinesiske fastlandet og 200 nautiske mil sørvest for den japanske øya Okinawa.

I stigande rekkjefølgje etter geografisk avstand ligg øyane slik:

Det kringliggande havet på kontinentalsokkelen er rundt 100–150 meter djupt bortsedd frå i Okinawarenna i sør som har ein stor seksjon som er 1 000 djup, og med djupn heilt ned til 2 716 meter.[50][51] Backarkdepresjonen gjer det vanskeleg å skildra området.

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Eit keisarleg, kinesisk edikt gav løyve til å samla urter på øyane i 1893.[52]

Diaoyu Dao/Uotsuri Jima, den største av øyane, har den største mengda endemiske arter, blant anna senkakumuldvarpen (Mogera uchidai) og Okinawa-kuro-oo-ari-mauren. Senkakumuldvarpen er ei truga art, og han er under press frå geiter som vart sett ut i 1978.[53]

Det er sett albatross på øyane.[54] På Namxiao Dao/Minami Kojima finst ein av dei få hekkeplassane til den sjeldne gulhodealbatrossen (Phoebastria albatrus).

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Ein av grunnene til at desse tilsynelatande uviktige øyane er vorte eit viktig diplomatisk tvistespørsmål, er at det  kan finnast naturgass under sjøbunnen lenger nord.[55] Dette er i område der Japan og Kina har overlappande interesser og krav, og øygruppa si tilhørighet kan i alle fall til ei viss grad påverka kva for eit land desse potensielle ressursane til slutt fell til.[56] Det finst òg rike fiskeressursar i området.[36]

Liste over øyane[endre | endre wikiteksten]

Diaoyutai senkaku detail.png
Nr. Flyfoto Namn Areal [km²][57] Koordinatar Merknader
Japan Kina[58] Taiwan[57]
1 Senkaku-uotsuri.jpg 魚釣島 Uotsuri-shima, «Fiskeøyane»


pinyin Diàoyú Dǎo: Diàoyú Dǎo tradisjonell kinesisk 釣魚臺, pinyin Diàoyútái tradisjonell kinesisk 釣魚臺, pinyin Diàoyútái: 釣魚臺; pinyin: Diàoyútái 4,3838 25°44′39″N 123°28′21″E 25°44′39″N 123°28′21″E Ca. 3,5 KM utstrekking aust–vest, ca. 2 km utstrekking nord–sør.


Høgaste punkt: 362 moh.

2 Taisyoujima of Senkaku Islands.jpg 大正島 Taishō-tō gammaljapansk/ryūkyū: 赤尾嶼 Sekibisho[59]



pinyin Chìwěi Yǔ: Chìwěi Yǔ tradisjonell kinesisk 赤尾嶼, pinyin Chìwěi Yǔ tradisjonell kinesisk 赤尾嶼, pinyin Chìwěi Yǔ: 赤尾嶼; pinyin: Chìwěi Yǔ 0,0609 25°55′20″N 124°33′28″E 25°55′20″N 124°33′28″E
3 Kubajima of Senkaku Islands.jpg 久場島 Kuba-shimagammeljapansk/ryūkyū: 黄尾嶼 Kōbisho


[59]

pinyin Huángwěi Yǔ: Huángwěi Yǔ tradisjonell kinesisk 黃尾嶼, pinyin Huángwěi Yǔ tradisjonell kinesisk 黃尾嶼, pinyin Huángwěi Yǔ: 黃尾嶼; pinyin: Huángwěi Yǔ 0,9091 25|55|26|N|123|40|55|E|vis = tekst}} 25°55′26″N 123°40′55″E
4 Kitakojima and Minamikojima of Senkaku Islands.jpg 北小島 Kita-Kojima, «vesle nord-øy»


pinyin Běixiǎo Dǎo: Běixiǎo Dǎo tradisjonell kinesisk 北小島, pinyin Běixiǎo Dǎo tradisjonell kinesisk 北小島, pinyin Běixiǎo Dǎo: 北小島; pinyin: Běixiǎo Dǎo 0,3267 25°43′47″N 123°32′29″E 25°43′47″N 123°32′29″E
5 南小島 Minami-Kojima, «vesle sør-øy»


pinyin Nánxiǎo Dǎo: Nánxiǎo Dǎo tradisjonell kinesisk 南小島, pinyin Nánxiǎo Dǎo tradisjonell kinesisk 南小島, pinyin Nánxiǎo Dǎo: 南小島; pinyin: Nánxiǎo Dǎo 0,4592 25°43′24″N 123°33′00″E 25°43′24″N 123°33′00″E
6 Okinokitaiwa of Senkaku Islands.jpg 沖ノ北岩 Oki-no-Kitaiwa«avsidesliggende nordlege klippa»


pinyin Běi Yǔ: Běi Yǔ tradisjonell kinesisk 沖北岩, pinyin Chōngběiyán tradisjonell kinesisk 沖北岩, pinyin Chōngběiyán: 沖北岩; pinyin: Chōngběiyán 0,0183 25°46′48″N 123°32′32″E 25°46′48″N 123°32′32″E Skjer
7 Okinominamiiwa of Senkaku Islands.jpg 沖ノ南岩 Oki-no-Minamiiwa «avsidesliggjande sørlege klippa»


pinyin Nán Yǔ: Nán Yǔ tradisjonell kinesisk 沖南岩, pinyin Chōngnányán tradisjonell kinesisk 沖南岩, pinyin Chōngnányán: 沖南岩; pinyin: Chōngnányán 0,0048 25°45′18″N 123°34′2″E 25°45′18″N 123°34′2″E Skjer
8 Tobise of Senkaku Islands.jpg 飛瀬 Tobise pinyin Fēi Yǔ: Fēi Yǔ tradisjonell kinesisk 飛瀨, pinyin Fēilài tradisjonell kinesisk 飛瀨, pinyin Fēilài: 飛瀨; pinyin: Fēilài 0,0008 25°44′8″N 123°30′22″E 25°44′8″N 123°30′22″E Skjer

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Forenkla kinesisk skrift 顺风相送; tradisjonell kinesisk skrift 順風相送; pinyin Shùnfēng Xiāngsòng
  2. forenkla kinesisk 顺风相送, tradisjonell kinesisk 順風相送, pinyin Shùnfēng Xiāngsòng; forenkla kinesisk 使琉球录, tradisjonell kinesisk 使琉球錄, pinyin Shĭ Liúqiú Lù 使琉球录; tradisjonell forenkla kinesisk 顺风相送, tradisjonell kinesisk 順風相送, pinyin Shùnfēng Xiāngsòng: 使琉球錄; pinyin Shĭ Liúqiú Lù
  3. Tittel: Liang zhong hai dao zhen jing / [Xiang Da jiao zhu].
  4. Merk at denne datoen er fem månader før slutten av den første kinesisk-japanske krigen.
  5. USA heldt på alle basene på øya.
  6. Merk at denne datoen er fem månader før slutten av den første kinesisk-japanske krigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Asia-Pacific Journal: Japan Focus, besøkt 18. september 2012.
  2. WorldCat, Sangoku Tsūran Zusetsu; alternate romaji Sankoku Tsūran Zusetsu
  3. Cullen, Louis M. (2003).
  4. Klaproth, Julius. (1832).
  5. Suganuma, Unryu. (2001). 89–90 Sovereign Rights and Territorial Space in Sino-Japanese Relations, frå Google Books
  6. Belcher, Edward. (1848).
  7. Belcher, Vol.
  8. Suganuma, p. 90. fra Google Books; Jarrad, Frederick W. (1873).
  9. 9,0 9,1 9,2 «MultiLingual (Pinnacle Islands: mapping sensitivity)» (PDF) (engelsk). Multilingual Magazine. januar–februar 2011. s. 18-19. Henta 26. september 2012. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Ishigaki fishermen fret over Senkaku encroachment, Japan Times 8. desember 2010, besøkt 18. september 2012
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Ramos-Mrosovsky, Carlos (2008). «International law's unhelpful role in the Senkaku islands» (PDF) (engelsk). University of Pennsylvania Law School. s. 44. Henta 22. september 2012. «side 923» 
  12. Koga Tatsushirō (古賀 辰四郎) (古賀 辰四郎 Koga Tatsushirō?
  13. Masami Ito (mai 2012). «Owner OK with metro bid to buy disputed Senkaku Islands». Japan Times News. 
  14. «BBC News - Japan confirms disputed islands purchase plan». bbc.co.uk. 2012. Henta 18. september 2012. Kunioki Kurihara 
  15. Ito, Masami, Owner OK with metro bid to buy disputed Senkaku Islands, Japan Times, 18. mai 2012, ss. 1-2
  16. 16,0 16,1 Agreement between the United States of America and Japan Concerning the Ryukyu islands and the Daito islands frå Google Books
  17. 17,0 17,1 Ramos-Mrosovsky, Carlos (2008). «International law's unhelpful role in the Senkaku islands» (PDF) (engelsk). University of Pennsylvania Law School. s. 904. Henta 22. september 2012. «Omsett: Både Folkerepublikken (30. desember 1971) og Republikken Kina på Taiwan (12. juni 1971) protesterer mot overlevering. Begge hevder at dei tilhøyrer Taiwan-provinsen. Folkerepublikken Kina hevder samtidig at Taiwan tilhøyrer Kina.» 
  18. Ito, Masami: Jurisdiction over remote Senkakus comes with hot-button dangers, Japan Times, 18. mai 2012, s. 1
  19. 19,0 19,1 Ito, Masami: Owner OK with metro bid to buy disputed Senkaku Islands, Japan Times, 18. mai 2012, ss. 1-2
  20. Hongo, Jun: Tokyo's intentions for Senkaku islets, Japan Times, 19. april 2012, s. 2.
  21. «Reports: Japan agrees to buy disputed islands from private landowner» The Washington Post, 5. september 2012
  22. 22,0 22,1 22,2 «Kina og Japan i heftig øy-krangel - USA ber landene roe seg ned» Aftenposten 17. september 2012
  23. 23,0 23,1 «Panetta to urge China and Japan to tone down dispute over islands» The Washington Post 16. september 2012
  24. Nicholas D. Kristof: Look Out for the Diaoyu Islands On the Ground (blogg), New York Times, 10. september 2012
  25. Ambrose Evans-Pritchard: China, Japan and the world’s Agadir Crisis (1911) The Telegraph, 19. september 2012
  26. «Dataangrep mot 19 japanske nettsider – sporene peker mot Kina» NRK 19. september 2012
  27. «Beijing hints at bond attack on Japan» The Telegraph, 18. september 2012
  28. «Kina truer med å strupe Japans økonomi» Dagbladet 19. september 2012
  29. ADIZ en:Air Defense Identification Zone
  30. Blir det krig mellom Kina og Japan? besøkt 2. desember 2013
  31. Martin Lohmeyer. «The Diaoyu / Senkaku Islands Dispute» (PDF). Master avhandling University of Canterbury. s. 247. Henta 26. september 2012. «Side 191-192. Opplysningene er gitt til forfatteren fra Folkerepublikken Kinas ambassade. Opplysningene må betraktes som en påstand fra Folkerepublikken Kina.» 
  32. [1]
  33. Japan New York Times, hentet 20. september 2012
  34. Brian Spegele: A Primer on Islands in Contention Wall Street Journal, hentet 20. september 2012
  35. Island disputes and maritime Regime Building in East Asia.
  36. 36,0 36,1 Q&A: China-Japan islands row BBC, 11. september 2012
  37. Japan lodges protest with China over East China Sea BBC, 20. februar 2012
  38. Statice arbuscula
  39. 39,0 39,1 39,2 Ramos-Mrosovsky, Carlos (2008). «International law's unhelpful role in the Senkaku islands» (PDF) (engelsk). University of Pennsylvania Law School. s. 44. Henta 22. september 2012. «side 925-928» 
  40. Japansk bok Sangoku Tsuuran Zasetsu (Illusrerte bilder av kommunikasjoner mellom tre land), publisert i 1785 og viser at øyene var en del av Kinas Fukien-provins.
  41. Cairo Communigué, besøkt 19. september 2012.
  42. «Primary Resources: Berlin Potsdam Conference, 1945». Henta 23. september 2012. ««...Vilkår i Kairodeklarasjonen skal bli gjennomført og japansk suverenitet skal begrenses til øyene Honshu, Hokkaido, Kyushu, Shikoku og mindre øyer som vi bestemmer.».» 
  43. Shimonosekitraktaten (engelsk tekst), besøkt 19. september 2012
  44. Shimonosekitraktaten starter med disse ordene: «His Majesty the Emperor of Japan and His Majesty the Emperor of China, desiring to restore the blessings of peace to their countries and subjects and to remove all cause for future complications.
  45. 45,0 45,1 Ji, Guoxing. (1995).
  46. Sitert tekst er tatt fra kulepunktene i Havrettskonvensjonen
  47. Ramos-Mrosovsky, Carlos (2008). «International law's unhelpful role in the Senkaku islands» (PDF) (engelsk). University of Pennsylvania Law School. s. 913. Henta 22. september 2012. 
  48. Qun betyr gruppe.
  49. Agreement on the Conservation of Albatrosses and Petrals (ACAP), Breeding site details: Agincourt/P'eng-chia-Hsu
  50. Okinawa-Trough Encyclopædia Britannica
  51. Ji, Guoxing: «Maritime Jurisdiction in the Three China Seas», 1995, s. 11; Sibuet, Jean-Claude et al.
  52. Ji, s. 11; utdrag: «In 1893, Empress Dowager Tsu Shih of the Qing Dynasty issued an imperial edict .
  53. Zoological Society of London, EDGE (Evolutionary Distinct & Globally Endangered) Senkaku mole, 2006; lest 20. september 2012.
  54. Porcasi, Judith F. (1999).
  55. «Resolution urged in China-Japan island dispute», RTÉ.ie, 18. september 2012
  56. «In Asia, a wave of escalating territorial disputes» The Washington Post, 11. august 2012
  57. 57,0 57,1 «釣魚臺列嶼簡介» (kinesisk). Maritime Information Service Center, Department of Land Administration. Henta 18. september 2012. 
  58. «民政部 国家海洋局受权公布我国钓鱼岛及其部分附属岛屿标准名称» (kinesisk). Ministry of Civil Affairs of the People’s Republic of China. Henta 18. september 2012. 
  59. 59,0 59,1 Akihiko Tanaka. «尖閣列島に関する琉球立法院決議および琉球政府声明». データベース『世界と日本』 (japansk). Tokyo universitet. Henta 18. september 2012. 
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.