Septarie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Septarie

Ein septarie er ein rundaktig knoll eller konkresjon av leirhaldig kalkstein med radiære sprekker som utvidar seg mot sentrum. Dei har truleg vorte danna ved utfelling av aluminiumhaldig gel, som ved inntørking har sprokke opp. Sprekkane er seinare fylt med kalsitt eller kvarts.

Septarier finst i leirskifer, mellom anna i i den kambrosiluriske lagrekkja i Oslofeltet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]