Sergej Lazarev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Lazarev

Fødd1. april 1983 (41 år)
FødestadMoskva
FødenamnСерге́й Вячесла́вович Ла́зарев
OpphavRussland
Aktiv2001–
Sjangerpop, poprock, elektropop
Instrumentvokal, piano
Stemmetypetenor, tenore di grazia, tenore contraltino
PlateselskapKiss Koala, Sony Music Russia
Verka somteaterskodespelar, operasongar, musikar, arrangementvert, programleiar, dansar, skodespelar, plateartist, dubbar
Sambuar medLera Kudjavtseva
PrisarDen gylne grammofon (Russland), ZD Awards, Muz-TV Awards, Russian National Music Award

Sergej Vjatsjeslavovitsj Lazarev (fødd 1. april 1983) er ein russisk songar, dansar og skodespelar. Han fekk sitt nasjonale gjennombrot i 2002 med gutegruppa Smash!!, men har hatt ein solokarriere etter at gruppa vart oppløyst i 2005. Lazarev er blant dei største og mest kjende artistane i Russland, og i 2016 vart han kjent i Europa då han representerte Russland i Eurovision Song Contest med songen «You Are the Only One». I 2019 representerte han Russland for andre gong i Eurovision Song Contest med låten «Scream».[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I barndomen i Moskva dreiv Lazarev med rytmisk gymnastikk, før han som tiåring starta med skodespel og song, blant anna i barnekoret Lokteus. Som 14-åring fekk han sin første musikkpris, og sidan vann han fleire songtevlingar for barn, og han vart medlem av barnegruppa Neposedy (Непоседы). Det var i denne gruppa Julija Volkova og Lena Katina i t.A.T.u. møtte kvarandre.[3][4]

I tenåra hadde han mindre roller i ulike skodespel, og han heldt fram å syngja og deltake i ulike tv-program og songtevlingar. I 2000 byrja Lazarev ved Moskva kunstnarteater, der han vart uteksaminert som profesjonell skodespelar i 2004. Sidan følgde fleire oppdrag på teaterscena, og i 2005 hadde han ei større rolle i den Broadway-inspirerte musikalkomedien Lend Me a Tenor.

Songkarriere[endre | endre wikiteksten]

I 2000 fekk han sitt nasjonale musikalske gjennombrot med popduoen Smash!! (russisk: СМЭШ!!) saman med Vlad Topalov. Dei fekk fleire hits i Russland, blant anna «Should Have Loved You More», «Belle» og «Obsession».[3]

I desember 2004 slapp Smash!! sitt andre album, 2Nite. Berre éi veke etter lanseringa valde Lazarev og Topalv å bryte samarbeidet og i staden satse på eigne karrierar kvar for seg.

I 2008 deltok Lazarev i den russiske finalen til Eurovision Song Contest 2008 med songen «Flyer». Lazarev havna til slutt på ein fjerdeplass, og vinnaren vart Dima Bilan som til slutt vann den internasjonale finalen med songen «Believe».

I desember 2015 annonserte russisk fjernsyn at Sergej Lazarev skulle representere Russland i Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm. 5. mars 2016 vart songen «You Are the Only One» offentleggjord, og songen vart raskt ein av dei store favorittane før tevlinga.

I tevlinga vann Lazarev sin semifinale og kvalifiserte seg til finalen i Globen. Der vann han telefonavrøystinga, men vart berre nummer fem hos juryane. Samla vart han og Russland nummer tre, bak Dami Im frå Australia og vinnaren Jamala frå Ukraina. I februar 2019 annonserte den russiske kringskastaren VGTRK at Lazarev skulle representere Russland for andre gong i Eurovision Song Contest.[1][5] I januar 2019 vart Russland trekt til å delta i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og «Scream» hadde startnummer 13.[6] Songen vart blant dei ti beste i semifinalen, og Lazarev kvalifiserte dimed seg til finalen laurdag 18. mai.[7] I finalen kom han på tredjeplass, same plassering som han fekk tre år tidlegare.[8]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Lazarev sitt flamboyante og fartsfylte sceneshow, kombinert med hans løyndomsfulle privatliv, har fleire gonger ført til spekulasjonar rundt den seksuelle legninga til Lazarev.[9] Sjølv har han avstått frå å kommentere spekulasjonar og rykte om sitt privatliv. Jula 2016 vart det likevel kjent at artisten hadde ein son på 2,5 år. Lazarev stadfesta sonen, men ynskte ikkje å kommentere familien sin ytterlegare.[10]

Lazarev er kjent som ein svoren dyrevenn og eig eit konditori for kjæledyr, kalla Pudel-sjtrudel (russisk: Пудель-Штрудель).[3][4][11]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2005 – Don't Be Fake
  • 2007 – TV Show
  • 2010 – Electric Touch
  • 2013 – Lazarev (Лазарев)
  • 2017 – V epitsentre (В эпицентре)
  • 2018 – The One

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Sergey Lazarev confirmed as Russia's Eurovision 2019 representative». wiwibloggs (på engelsk). 7. februar 2019. Henta 7. februar 2019. 
  2. «Sergey Lazarev returns to Eurovision with 'Scream' for Russia». eurovision.tv. Henta 31. mars 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «About Sergey Lazarev». eurovision.tv. Henta 25. mars 2017. 
  4. 4,0 4,1 Tabatha Leggett (12. mai 2016). «17 Things You Need To Know About Russia's Eurovision Entry». Buzzfeed UK. Henta 25. mars 2017. 
  5. «Scream lyrics — Sergey Lazarev (Russia Eurovision 2019)». wiwibloggs (på engelsk). 9. mars 2019. Henta 9. mars 2019. 
  6. «Second Semi-Final of Tel Aviv 2019». eurovision.tv. EBU. Henta 5. mai 2019. 
  7. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». eurovision.tv. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  8. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  9. Frivolette.com. «Sergey Lazarev married his Boyfriend?». www.frivolette.com (på engelsk). Henta 7. februar 2019. 
  10. William Lee Adams (23. desember 2016). «It's a boy! Sergey Lazarev admits he has a two-year-old son after photo captures family church visit». Wiwibloggs.com. Henta 25. mars 2017. 
  11. «Pudel-sjtrudels Instagram-konto». Instagram. Henta 25. mars 2017.