Sergej Martsjuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Martsjuk

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 13. april 1952
Moskva
Død

25. august 2016 (64 år)

Yrke skøyteløpar

Sergej Vasiljevitsj Martsjuk (13. april 195225. august 2016) var ein russisk skeiseløpar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Han vart europameister i 1978.

Martsjuk representerte Sovjetunionen internasjonalt fyrste gongen i 1973-sesongen. I 1977 vart han fjerdemann då firkamp-VM fann stad i Heerenveen. Same sesongen vart han den fyrste som gjekk under fire minuttar på 3 000 meter då han fekk notert 3.56,65 på Medeobana i mars månad. Tida vart aldri godkjend som verdsrekord, og det skulle gå heile 15 år før nokon gjekk distansen fortare.

Vinteren 1978 vann Martsjuk europameisterskapen på Bislett stadion i Oslo framom nordmennene Sten Stensen, Jan Egil Storholt og Kay Stenshjemmet. Ein månad etter EM kom han på bronseplassen i VM 1978 i Göteborg, slått av verdsmeister Eric Heiden frå USA og førnemnde Storholt. Ved EM 1979 vart Martsjuk nok ein gong nummer tre, nordmennene Storholt og Stenshjemmet tok dei to fyrste plassane i meisterskapen. Etter tiandeplass i VM 1980 forvann Martsjuk frå skeisearenaen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]