Sibirturt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sibirturt

556 Mulgedium sibiricum.jpg

Vitskapleg namn
Lactuca sibirica
(Linné) Benth. ex Maxim.
Synonym: Mulgedium sibiricum
Utbreiing
Habitat: fuktige stader
Systematikk
Rike: Plantae
Divisjon: Spermatophyta
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Lactuca

Sibirturt (Lactuca sibirica) er ein plante i planteslekta salat i korgplantefamilien. Han er tidlegare og tildels enno rekna til ei eiga slekt, sibirturtslekta (Mulgedium). Sibirturt er ein typisk art for det boreale barskogsbeltet i nordlege område i Eurasia. Han veks frå nordlege Noreg og Sverige og store delar av Finland austover til Kamtsjatkahalvøya, Sakhalin, Kurilane og Hokkaido. I Noreg veks han frå Salangen i Troms til Sør-Varanger i Finnmark. Veksestader er fuktige skogsområde, enger, sand og grus ved elver og vassdrag og i grøfter.

Planten er fleirårig og veks med ein ugreina stilk som typisk blir 25-100 cm høg. Stilken har fleire smale, lansettforma blad som kan ha bein eller fintanna kantar. Han blomstrar i juli-august med blå eller lyslilla blomar som sit i kvastar og er rundt 2 cm breie. Fruktene er dunete og opptil 5 mm lange.

Sibirturt har mange fellestrek med tatarturt, men skil seg ved at sistnemnde sine korger sit i klasar medan blada er noko parflika. Artane turt (Cicerbita alpina) og parksallat (C. macrophylla) har liknande blå blomar, men skil seg frå sibirturt ved å ha kjertelhårige blomekorger med skaft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Lactuca sibirica