Turt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turt
Turt
Turt
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Cichorioideae
Stamme: Cichorieae
Slekt: Turtslekta Cicerbita
Art: Turt C. alpina
Vitskapleg namn
Cicerbita alpina

Turt er ei urt i korgplantefamilien med utbreiing i høglands- og fjellområde i Europa. Turt veks over heile Noreg og er funnen opp til 1460 m på Fillefjell.[2]

Botanisk illustrasjon av turt.

Planta vert kring 120-130 cm høg og har ugreina stengel som er fiolett og kjertelhåra øvst. Ho har tynne kålgrøne blad og nedre blad har to-tre par finnar og brei trekanta endelapp. Korgdekkblada er mørke og kjertelhåra medan kronene er blå eller blåfiolette. Turt blømer kring juli månad i fuktig næringsrik skog, mest i fjell-lier.[1]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Turt blir brukt som grønsak i italiensk matlaging, der planta er rekna som ein delikatesse. Unge skot blir kokte og serverte eller selde med olivenolje og tomatsaus.[3] Eit marknadsnamn på denne retten er insalata dell'orso, 'bjørnesalat'.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansar
  1. 1,0 1,1 Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av turt Cicerbita alpina for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 
  3. Scartezzini, F., et al. Domestication and field management trials of Cicerbita alpina (L.) Wallr. In: First International Conference on Crop Wild Relative Conservation and Use. September 14-17, 2005. Agrigento, Sicily, Italy. pg. 14-17.
  4. Scartezzini, F., et al. (2012). Domestication of alpine blue-sow-thistle (Cicerbita alpina (L.) Wallr.): six year trial results. Genetic Resources and Crop Evolution 59(3) 465-71.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Turt