Sigurd Blekastad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Blekastad
Fødd24. mai 1848
Død31. juli 1897 (49 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Sigurd Ivarsson Blekastad (24. mars 184831. juli 1897) var ein landhandlar, gardbrukar og stortingsmann frå Sel i Oppland.

Blekastad var son til ein gardbrukar i Sel. Han gjekk eit par vintrar på Christopher Bruun sin folkehøgskule og hadde ei kort elevtid på Askov og på Kold sine folkehøgskular i Danmark. Ei kort tid var han huslærar hos Bjørnstjerne Bjørnson. Frå 1866 var han gardbrukar og landhandlar i Vågå. I 1890 vart han tilsett som kontrollør ved brennevins- og malttilverkinga. Blekastad var medlem av heradsstyret og tidvis varaordførar.

Blekastad representerte Kristians amtStortinget frå 1883 til 1897. I den fyrste valbolken, 1883-85, var han medlem av vegkomiteen. Frå 1886 var medlem av jarnbanekomiteen, sekretær i denne frå 1889 til -97. 1886-97 medlem av valkomiteen. Sekretær i Odelstinget 1889-91 og i Stortinget 1892-94, medlem av Lagtinget 1892-97. Grunna sjukdom vart han permittert 5. mai 1897. Om sommaren same året døydde han heime i Vågå.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]