Sigurd Brørs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Brørs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juli 1968
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Sigurd Brørs (fødd 16. juli 1968) er ein tidlegare langrennsløpar. Han fekk si beste plassering i verdscupen i januar 1992, då han vart nummer tre i Cogne. Han var då 3, 9 sekundar bak Torgny Mogren, men langt bak vinnaren Bjørn Dæhlie. To gonger vann han bronsemedaljar under noregsmeisterskap, på 15 km i 1990 og på 10 km i 1993. Nærast NM-gull var han i 1990, då han var ein 15-16 sekundar bak dei to som i sekundstrid kjempa om sigeren, Kristen Skjeldal som vann og Bjørn Dæhlie. Brørs tevla for Surnadal Idrettslag, nett som den eldre broren Sturla Brørs.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1991:
  • 1992: Nr 3 på 15 km i Cogne
  • 1992/93: Nr 9 på 15 km i Ramsau
  • 1993/94: Nr 11 på 15 i Davos
  • 1995: Nr 11 på 30 km i Östersund
  • 1996: Nr 18 på 30 km Lahti

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar