Torgny Mogren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgny Mogren
Torgny Mogren (crop).jpg
Fødd 26. juli 1963
Hällefors
Yrke langrennsløpar
Torgny Mogren på Commons

Torgny Mogren (fødd 26. juli 1963) frå Hällefors er ein svensk tidlegare langrennsløpar. Han vann verdscupen i langrenn i 1987, og var mellom dei tre beste i til saman fem sesongar. Mogren vart verdsmeister på femmila både under Ski-VM 1991 i Val di Fiemme og på heimebane i Falun to år seinare. I 1988 vart han oympisk meister med Sveriges stafettlag. Mellom 1986 og 1997 vann han ni svenske meisterskap. Mogren tevla for Åsarna IK.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Gullmedaljar i svenske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1986: 15 km, 30 km og 50 km
  • 1987: 50 km
  • 1991: 15 km
  • 1992: 50 km
  • 1993: 50 km
  • 1994: 30 km
  • 1997: 15 km

Åsarna IK vann elleve svenske meisterskap over 3x10 km stafett i perioden 1985-98. Mogren var med på ti av triumfane, saman med mellom andre Jan Ottosson, Thomas Wassberg, Jyrki Ponsiluoma, Peter og Morgan Göransson.

Mogren vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for 1993. Han la opp som langrennar i 2000.

I dag bur han i Mora.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]