Hopp til innhald

Sildemåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sildemåse
Sildemåse
Sildemåse
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av sildemåse
Utbreiinga av sildemåse
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Larus
Art: Sildemåse L. fuscus
Vitskapleg namn
Larus fuscus

Sildemåse (Larus fuscus) er ein stor medlem av måsefamilien som hekkar i nordlege Eurasia, mest i kyststrøk. Han overvintrar i Vest-Europa og Afrika, langs kystar av Nord-Amerika og sørlege Asia.

Lokale namn i delar av Noreg er mellom anna gulføtting, slogmåse og myrmåse.[2]

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Sildemåsen var ein av mange artar som vart skildra av Carl von Linné i 1758 i 10. utgåve av Systema Naturae, og han ber framleis sitt opphavlege namn Larus fuscus. Det vitskaplege slektsnamnet Larus ser ut til å ha vore brukt om måsar eller andre store sjøfuglar, medan artsnamnet fuscus tyder svart eller brun på latin. Fem underartar er skildra for sildemåsen, og desse varierer marginalt i storleik og utsjånad. To underartar hekkar i Noreg, dei var tidlegare kalla nordnorsk og sørnorsk sildemåse.[2]

Sildemåsen er 51–61 cm lang, har eit vengespenn på 124–158 cm og veg mellom 550 og 1200 gram. Hannfuglar er noko større en hoer. Nominatunderarten er den mørkaste og i gjennomsnitt noko mindre enn dei andre underartane.[3]

Ein mogleg forvekslingsart er svartbak (Larus marinus), men sildemåsen er mykje mindre, har slankare kroppsbygning, gule bein i staden for rosa bein og mindre kvite «spegl» på vengespissane. Vaksne fuglar har svarte eller mørkgrå venger og rygg, varierande med underart. Nebbet er gult med ein raud flekk som ungane hakkar på for å stimulere mating. Om vinteren får hovudet eit gråare preg, i motsetnad til svartbaken.

Den årlege mytinga hjå vaksne startar mellom mai og august og kan halde fram til november. Ei delvis førehekking-myting skjer mellom januar og april.

Ungfuglar har skjelmønstra, svartbrune oversider og eit karakteristisk vengemønster. Dei brukar om lag fire år på å nå vaksen drakt. Frå unge gråmåsar kan dei skiljast på dei meir einsfarga mørke (utan tverrband) tertialfjørene.

Ropet er eit «latterliknande» skrik, likt gråmåsen sitt, men tydeleg mørkare og nasal i tonen.[3]

Sildeåseegg

Utbreiing og økologi

[endre | endre wikiteksten]

Hekkeutbreiinga er langs kystar av Nord-Atlanteren og arktiske kystar i Europa, på Kolahalvøya og i Finland, austover til Nord-Sibir.

Arten er ein trekkfugl og overvintrar frå Dei britiske øyane sørover til Vest-Afrika, austkysten av Nord-Amerika, vestover til kystar av nordlege Mexicogolfen, austlege populasjonar sørover til nordkysten av Sør-Afrika, India, Kina og Sør-Korea.[3]

Arten hekkar i koloniar langs kystar og ved innsjøar, der reiret vert bygd på bakken eller i klipper, fora med gras og anna materiale. Vanleg kullstorleik er tre egg. I somme byar hekkar arten i urbane miljø, ofte i lag med gråmåsen.

Som dei fleste måsar i slekta Larus er sildemåsen altetar. Han et fisk, insekt, krepsdyr, meitemakk, sjøstjerner, blautdyr, frø, bær, små pattedyr, egg, småfuglar og fugleungar, i tillegg til matrestar, (fiske)avfall og åtsel.

Utbreiing i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

Sildemåsen hekkar langs heile kysten med hovudvekt i Sør-Noreg.[4] Han er i all hovudsak knytt til kyststrøk, og har tradisjonelt hekka på holmar og skjer, tidlegare i den ytste skjergarden. Somme stader er hekkeåtferda under endring, ettersom hekkande sildemåsar i aukande grad er registrert på tak av bygningar etter år 2000.[5][6] Under hekkesesongen finn ein han som regel i koloniar. Majoriteten av den norske bestanden finst i Sør-Noreg. Om lag 28 000 par hekkar i Noreg i år 2014.[1]

Sildemåsen er ein sterk trekkfugl, og svært få individ er i Noreg om vinteren. Dei fleste dreg til Sørvest-Europa og Marokko, og tildels innover mot Middelhavet og Svartehavet.[1] Dei trekkjer ut av landet frå august til oktober, og kjem tilbake frå vinterkvartera i mars-april.

Referansar
  1. 1 2 3 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av sildemåke Larus fuscus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022.
  2. 1 2 3 Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Oslo: Universitetsforlaget. s. 337.
  3. 1 2 3 Burger, J., M. Gochfeld, G. M. Kirwan, D. A. Christie, and E. de Juana (2020). J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, red. «Lesser Black-backed Gull (Larus fuscus)», version 1.0. Birds of the World Online Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.lbbgul.01
  4. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022.
  5. Erik Thoring (16. oktober 2010). «Øker mest på Forus». Naturvernforbundet Rogaland. Henta 20. september 2025.
  6. Bjarne Oddane, Roy Mangersnes og Oddgeir Djøseland (25. oktober 2012). «Overvåking av takhekkende måker i Stavangerregionen - Oppsummering etter fem år (2008 – 2012) med tellinger» (PDF). ecofact.no. ISBN 978-82-8262-216-5. Henta 20. september 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sildemåse