Hegrefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hegrefamilien


Snøhegre, Egretta thulaFoto: David Hall
Snøhegre, Egretta thula
Foto: David Hall

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Pelecaniformes
Familie: Ardeidae
Slekter
  • Sjå teksten
Vitskapleg namn
Ardeidae

Hegrar er vassfuglar i familien Ardeidae. Det er ca. 63 anerkjende artar i denne familien. Alle medlemmene av slektene Botaurus og Ixobrychus blir kalla røyrdrumar, og sikksakkhegre dannar ei monofyletisk gruppe innanfor Ardeidae. På engelsk språk har somme artar fellesnamnet egrett. Egrettar er ikkje ei biologisk distinkt gruppe skilt frå hegrar, dei har ein tendens til å ha dette fellesnamnet fordi dei hovudsakleg er kvite eller har dekorative fjør, og dei har ein tendens til å vere mindre enn artar med fellesnamnet hegrar.

Sjølv om hegrar liknar fuglar i einskilde andre familiar, til dømes storkar, ibisar og skeistorkar, skil hegrar seg frå desse i flukt med at dei flyg med halsen samantrekt, og ikkje utstrekt. Hegrar er òg ei av gruppene som har dunfjør.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hegrar er middels til store fuglar med lange bein og lang hals. Dei viser svært lite kjønnsdimorfisme i storleik. Halsen er i stand til å bøye i ein s-form, på grunn av endra form på den sjette ryggvirvelen. Halsen er i stand til å trekkje seg inn og strekkje seg ut, og er tilbaketrekt under flyging, i motsetnad til dei fleste andre langhalsa fuglar. Halsen er lengre på daghegrar enn hos natthegrar og røyrdrumar. Beina er lange og sterke, og nesten alle artar er utan fjør frå nedre delen av leggen, tibia. Unntaket er sikksakkhegre. Under flyging held dei føtene strekt ut bakover. Føtene til hegrar har lange tynne tær, med tre som peikar fram og ei bakover.[1]

Generelt er nebbet langt og harpunforma. Det kan variere frå svært tynnt, som hos sverdhegre, til tjukt som hos gråhegre. Det mest avvikande nebbet finn ein hos båtnebbhegre, med eit breitt tjukt nebb. Nebba, og dessutan andre fjørlause delar av kroppen, er vanlegvis gule, svarte eller brunfarga, men denne farga kan skifte under hekkesesongen. Hegrar har mjuke fjør. Fjørdrakta er vanlegvis blå, svart, brun, grå eller kvit, og kan ofte vere påfallande samansett. Blant daghegrar er det lite kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, unntatt hos Ardeola-hegrane. Hos natthegrar og dei mindre røyrdrumar derimot, er det i regelen kjønnsdimorfisme i fjørdrakta. Mange artar har òg ulike fargevariantar.[1] Hos sothegre det er både mørke og lyse fargevariantar, og innslaget av lys morf varierer geografisk. Kvite morfar finst berre i område med korallstrender.[2]

Utbreiing, habitat og trekk[endre | endre wikiteksten]

Hegrar er ein familie med vid spreiing og ein kosmopolitisk distribusjon. Dei finst på alle kontinent bortsett frå Antarktis, og er tilstades i dei fleste habitata unntatt dei kaldaste ytterpunkta i Arktis, ekstremt høge fjell og dei tørraste ørkenane. Nesten alle artane er knytt til vatn, dei er i hovudsak ikkje-symjande vassfuglar som lever ved innsjøar, elver, sumpar, dammar og ved sjøen. Dei er mest vanlege i lågland, sjølv om nokre artar lever i alpine område. Majoriteten av artane finn ein i tropane.[1]

Hegrar er særs mobile fuglar, i det minste er dei fleste artane delvis trekkfuglar. Til dømes gråhegre, som er mest standfugl i Storbritannia, men stort sett trekkfugl i Skandinavia. Fuglar er spesielt tilbøyeleg til å spreie seg mykje etter hekking. Migrasjonen skjer typisk om natta, vanlegvis ein og ein eller i små grupper.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Føde[endre | endre wikiteksten]

Hegrar og røyrdrumar er kjøtetarar. Medlemmene i denne familien er for det meste knytt til våtmarker og vatn, og lever på eit utval av levande akvatiske byttedyr. Dietten inneheld eit breitt utval av akvatiske dyr, inkludert fisk, krypdyr, amfibium, krepsdyr, blautdyr og akvatiske insekt. Einskilde hegreartar kan vere generalistar eller dei kan vere spesialistar på visse typar byttedyr, til dømes gulkronehegre, som spesialiserer seg på skaldyr, spesielt krabbe.[3] Mange artar vil òg opportunistisk ta større byttedyr, inkludert fuglar og fugleegg, og meir sjeldan åtsel. Det har kome sporadiske rapportar om vegetabilske innslag i dietten, som nøtter og korn.[1]

Den vanlegaste jaktteknikken for hegrar er å stå urørleg på kanten av eller i grunt vatn og vente til byttedyr under vatn kjem innanfor rekkjevidd. Fuglar kan anten gjere dette i oppreist stilling, som gjev dei eit breiare synsfelt for å sjå byttedyr, eller i nedhukt posisjon, meir i skjul og medfører at nebbet er nærare byttet. Etter å ha oppdaga byttedyret, rører dei hovudet frå side til side, slik at hegren kan berekne plasseringa av byttedyr i vatnet med kompensering for brytning, og deretter spiddar han byttet med nebbet.[1]

I tillegg til å stå og vente, kan hegrar søkje meir aktivt etter føde. Dei kan gå sakte, på rundt 60 skritt eller mindre i minuttet, og snappar byttedyret når dei oppdagar det. Anna aktiv åtferd inkluderer undersøking med ein fot, der føtene blir brukt til å skremme ut skjulte byttedyr.[4] Vengene kan brukast til å skremme byttedyr, eller kanskje dyra vil flykte under skuggen, eller skuggen reduserer gjenskin. Det mest ekstreme dømet viser skuggehegre, som dannar ein full parasoll over kroppen med vengene.[5]

Ein har observert nokre artar av hegre, slik som silkehegre og gråhegre, i å nytte agn for å lokke byttedyr innanfor rekkjevidde av nebbet. Hegrar kan bruke objekt som er på staden, eller aktivt leggje ting på vassoverflata som trekkjer til seg merksemd frå fisk. Agna som blir brukte kan vere menneskeskapte, som brødbitar.[6] Krabbehegre i Amazonas har vore observert fleire gonger med å sleppe frø, insekt, blomar og blad ned i vatnet for å fange fisk.[7]

Tre artar, svarthovudhegre, plystrehegre og spesielt kuhegre er mindre knytt til våte miljø og kan beite langt unna vatn. Kuhegrar forbetrar tilgangen på føde ved å følgje store beitedyr og fange insekt som blir skremt av rørsla deira. Ein studie fann at hegrar som følgde beitedyr oppnådde 3,6 gonger betre suksessrate på fangst enn dei som beita einslege.[8]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Medan familien viser eit utval av hekkestrategiar, er hegrar mest typisk monogame og for det meste kolonihekkarar. Dei fleste daghegrar og natthegrar er kolonihekkarar, eller delvis koloniale avhengig av tilhøva, medan røyrdrumar og tigerhegrar hekkar stort sett parvis. Koloniar kan innehalde fleire artar, og dessutan andre artar av vassfuglar. I ein studie av silkehegrar og kuhegrar i India, var dei fleste av dei undersøkte koloniane busette av begge artane.[9] Artar i tempererte område foretar sesongmessig hekking, for dei tropiske artane kan hekking vere sesongmessig, ofte samanfallande med regntida, eller gjennom heile året.

Det er vanlegvis hannfuglar som startar bygginga av reiret, som dei syner fram for å trekke til seg hofuglar. Etter pardanning held para fram saman med å byggje reir blant nesten alle artar, men hos dvergrøyrdrum og pygmérøyrdrum er det berre hannen som arbeider på reiret.[1]

Reirplassen er vanlegvis like ved eller over vatn. I regelen er reira plasserte i vegetasjon, sjølv om nokre få artar kan byggje på bakken om passande buskar er utilgjengelege.[1][9] Artar som byggjer i tre kan plassere reiret høgt over bakken, medan artar som lever i takrøyrbeltet kan legge reiret svært nær bakken.[1]

Vanlegvis legg hegrar mellom tre og sju egg. Større kull er rapporterte hos mindre røyrdrumartar og meir sjeldan hos nokre av dei store daghegrane, og éitt egg i kullet er rapportert for nokre tigerhegrar. I det heile er egga skinnande blå eller kvite, unntaket er store røyrdrumartar som legg olivenbrune egg.[1]

Slekter og artar[endre | endre wikiteksten]

Klassifiseringa av dei einskilde artane er vanskeleg, og det er framleis inga klår semje om rett plassering av mange artar i ei av dei to store slekter, Ardea og Egretta. Tilsvarande er tilhøvet av slektene i familien ikkje heilt løyst. Men, ein art som tidlegare ansa å utgjere ein separat monotypisk familie Cochlearidae, båtnebbhegre, blir no rekna som ein medlem av hegrefamilien.

Hegrar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [10] med norske namn etter Norske navn på verdens fuglar. [11]

Slekt Botaurus

Slekt Zebrilus

Slekt Ixobrychus

Slekt Tigrisoma

Slekt Zonerodius

Slekt Tigriornis

Slekt Ardea

Slekt Mesophoyx

Slekt Egretta

Slekt Bubulcus

Slekt Ardeola

Slekt Butorides

Slekt Agamia

Slekt Syrigma

Slekt Pilherodius

Slekt Nycticorax

Slekt Nyctanassa

Slekt Gorsachius

Slekt Cochlearius





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • McCracken, Kevin G. & Sheldon, Frederick H. (1998): Molecular and osteological heron phylogenies: sources of incongruence. Auk 115: 127–141. DjVu fulltext PDF fulltext
  • Sheldon, Frederick H.; McCracken, Kevin G. & Stuebing, Keeley D. (1995): Phylogenetic relationships of the zigzag heron (Zebrilus undulatus) and white-crested bittern (Tigriornis leucolophus) estimated by DNA-DNA hybridization. Auk 112(3): 672-679. DjVu fulltext PDF fulltext
  • Sheldon, Frederick H.; Jones, Clare E. & McCracken, Kevin G. (2000): Relative Patterns and Rates of Evolution in Heron Nuclear and Mitochondrial DNA. Mol. Biol. Evol. 17(3): 437–450. PDF fulltext

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., ed (1992). «Family Ardeidae (Herons)». Ostrich to Ducks. Handbook of the Birds of the World. Band 1. Barcelona: Lynx edicions. ss. 376-403. ISBN 84-87334-10-5. 
  2. Itoh, Singi (1991). «Geographical Variation of the Plumage Polymorphism in the Eastern Reef Heron (Egretta sacra)». The Condor 93 (2): 383–389. 
  3. Watts, Bryan (1988). «Foraging Implications of Food Usage Patterns in Yellow-Crowned Night-Herons». The Condor 90 (4): 860–865. 
  4. Meyerriecks, Andrew (1966). «Additional Observations on "Foot-Stirring" Feeding Behavior in Herons». The Auk 83 (3): 471–472. 
  5. Delacour, J (1946). «Under-Wing Fishing of the Black Heron, Melanophoyx ardesiaca». The Auk 63 (3): 441–442. 
  6. Post, R.; Post, C. & F. Walsh (2009). «Little Egret (Egretta garzetta) and Grey Heron (Ardea cinerea) Using Bait for Fishing in Kenya». Waterbirds 32 (3): 450–452. doi:10.1675/063.032.0311. 
  7. Robinson, S. (1994). «Use of bait and lures by Green-backed Herons in Amazonian Peru». Wilson Bulletin 106 (3): 569–571. 
  8. Dinsmore, James J. (1973). «Foraging Success of Cattle Egrets, Bubulcus ibis». American Midland Naturalist 89 (1): 242–246. doi:10.2307/2424157. 
  9. 9,0 9,1 Hilaluddin, Aisha S.; Khan, A.; Yahya, H. & R. Kaul (2006). «Nesting ecology of Cattle Egrets and Little Egrets in Amroha, Uttar Pradesh,India». Forktail 22. 
  10. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011 
  11. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]