Thor Erik Forsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thor Erik Forsberg

Fødd2. april 1980 (43 år)
Sarpsborg kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Thor Erik Forsberg (fødd 2. april 1980 i Sarpsborg) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Forsberg var tredjekandidaten til Arbeidarpartiet for Østfold fylke ved stortingsvalet 2009, og han vart vald inn då. Fire år før dette var han fjerdekandidat og vart dermed første vara i perioden 2005–09. På Stortinget er han medlem av arbeids- og sosialkomiteen.

Forsberg har yrkesutdanning som prosessoperatør. Han har arbeidd som miljøarbeidar, som fylkessekretær i Arbeidaranes Ungdomsfylking og som prosjektmedarbeidar i fagrørsla.

Han sit i bystyret i Sarpsborg kommune. Han er i tillegg nestleiar i Østfold Arbeidarparti og i Sarpsborg AP.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]