Sixten Jernberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sixten Jernberg
Sixten Jernberg, 1964.jpg
Jernberg under vinter-OL 1964 i Innsbruck
Fødd 6. februar 1929
Lima
Død

14. juli 2012
Mora

Sixten Jernberg på Commons

Edy Sixten Jernberg (6. februar 192914. juli 2012) var ein svensk langrennsløpar. Han var ein av Sveriges mestvinnande langrennnarar gjennom alle tider, med ni OL-medaljar og seks VM-medaljar. Mellom 1956 og 1964 vann han eitt individuelt gull i kvar av dei tre olympiske vinterleikane og to ski-verdsmeisterskapane som vart arrangert. Fire gull kom på femmila, medan han i 1960 under vinter-OL i Squaw Valley vann 30-kilometeren. Dessutan var han med på dei svenske stafettlaga som vann VM-gull 1962 og OL-gull 1964.

Jernberg var frå Lima i Malungs kommune i Dalarna og var heile si tid som aktiv medlem av Lima IF. Han vann femten individuelle gull under svenske meisterskap, og var med å sikre idrettslaget frå heimstaden fem SM-gull i 3x10 km stafett. Han døydde i Mora.

Medaljar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Gullmedaljar i svenske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1955: 15 km og 50 km
  • 1956: 15 km, 50 km og 3x10 km stafett
  • 1957: 15 km, 30 km, 50 km og 3x10 km stafett
  • 1958: 15 km
  • 1959: 15 km og 3x10 km stafett
  • 1960: 15 km, 30 km, 50 km og 3x10 km stafett
  • 1961: 15 km, 30 km og 50 km
  • 1964: 3x10 km stafett

Jernberg vann Vasaloppet i 1955 og 1960. Han vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje i 1956 og Holmenkollmedaljen i 1960.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Sixten Jernberg – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]