Sjoddi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tekstilarbeidar rakar ny sjoddi.

Sjoddi (frå engelsk shoddy, rakna ullfiller)[1][2] er eit materiale laga av opprivne filler av ull. Stoffet blir laga gjennom resirkulering ved å riva sund gamle tekstilar av ull slik at ein kan spinna fibrane opp att til nytt garn. Sjoddi har òg blitt brukt som mjukt fyllmateriale og vatt, til dømes i vatteppe, sittemøblar, madrassar, dokker med meir.

Sjoddiindustrien i England oppstod tidleg på 1800-talet og var sentrert i West Yorkshire, kring byane Batley, Morley, Dewsbury og Ossett. Her var det i år 1860 80 firma med 550 arbeidarar som sorterte innsamla ulltekstilar, og desse blei selde vidare til sjoddifabrikkane som det var om lag 130 av i West Riding.[3] Også i Noreg var det ein betydeleg produksjon av sjoddi på slutten av 1800-talet og første halvdel av 1900-talet.

Ullfibrane i sjoddi er ofte skadde og kortare enn ordinære ullfibrar, og kan då gje ull av dårlegare kvalitet som ikkje er eigna til toving. Sjoddi av førsteklasses ull kan likevel ha ein betre kvalitet enn ny ull som er sett til ein lågare grad ved klassifisering. I midten av viktoriatida var USA og Canada ein stor eksportmarknad for sjoddiull. Ein vanleg bruk av materialet var uniformer for soldatar og tepper.[4]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Nemninga shoddy har på engelsk frå rundt 1862 òg hatt ei overført tyding om noko som er av dårleg kvalitet, særleg grunna referanse til den amerikanske borgarkrigen grunna kvaliteten på forsyningar til hæren. Nemninga stammar moglegvis frå eit provinsielt ord frå Yorkshire som har ukjent opphav.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «sjoddi», Bokmålsordboka
  2. «shoddy», Merriam-Webster
  3. «The Shoddy Industry» Arkivert 12. oktober 2016 på Wayback Machine., Henry Day
  4. «What is Shoddy?», History House
  5. «shoddy (adj.)», Online Etymology Dictionary