Sjøuhyre
Sjøuhyre og havmonster blir brukt i mytologi, folketru og litteratur om ulike typar oppdikta, farlege skapningar som skal leva i havet. Det finst forteljingar frå store delar av verda om overnaturlege monster og fabeldyr i sjøen. Sjøuhyre blir ofte skildra som enormt store. I norsk tradisjon har ein blant anna førestillingar om sjøormar.
Det finst også døme på forteljingar om vasslevande monster i elvar og innsjøar, sjå innsjøuhyre.
Døme
[endre | endre wikiteksten]I mytologi og folketru
[endre | endre wikiteksten]- Hafgufa, kjempestort sjøuhyre eller gigantisk kval («kjempefisk») omtalt i norrøn litteratur
- Hydra («Uhyret frå Lerna»), kjempestort sjøuhyre med ni hovud i gresk mytologi
- Iku-Turso, sjøuhyre i finsk mytologi, i form av ein kolossal blekksprut eller kvalross
- Kharybdis, sjøuhyre i gresk mytologi som skapar ein livsfarleg malstraum
- Krake, stort sjøuhyre («trollkval») i nordisk tradisjon, i blant tolka som ein enorm kval eller blekksprut
- Leviatan, vondt sjøuhyre som i jødisk mytologi og dikting blir tukta av Gud[1][2]
- Margyge, kvinneleg havuhyre i norrøn mytologi
- Midgardsormen (Jørmungandr), eit frykteleg sjøuhyre i nordisk mytologi som ligg på botnen av verdshavet i ein ring omkring alle land
- Ryujin, havgud som blir forbunden med tidvatn og uvêr i japansk mytologi
- Sjøhest (havhest, hippokamp)
- Sjøorm, kjempeslange eller orm som ifølgje gamle segner lever i innsjøar eller i havet
- Skylla, sjøuhyre med seks hovud i gresk mytologi
- Tiamat, kvinneleg saltvassmonster i mesopotamisk mytologi
- Umibōzu, havånd som kantrar båtar i japansk mytologi
I forteljingar, populærkultur og kryptozoologi
[endre | endre wikiteksten]Sjøuhyrer opptrer òg i eventyr, forteljingar, populærkultur og kryptozoologi. Blant anna har den svenske biskopen Olaus Magnus fleire fantasifulle skildringar av nordiske havmonster i Carta Marina frå 1539, eit illustrert kart over Norden og havområda omkring, og Historia til dei nordiske folka frå 1555. I nyare tid kan sjøuhyre omfatta alt frå den kvite kvalen i Herman Melville sin roman Moby Dick frå 1851 til gigantiske drakemonster i fantasiuniverset rundt filmane om Godzilla frå 1954 og framover.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Detalj frå Olaus Magnus sitt Carta Marina frå 1539, der kartteiknaren framstiller ein kval (balena på latin) som blir angripen av spekkhoggarar (orca) i dei nordlege havdjupa ved sogeøya Thule (Tile).
-
Tysk plansje av ulike sjøuhyre (Meerwunder) frå omkring 1544, samla frå Carta Marina.
-
«Sjøtrollet» av Theodor Kittelsen frå 1887 viser ein skapning som kan likna ein draug, gjenferdet etter ein drukna.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Havvette, overnaturleg vesen (vette) som lever i havet
- Vassguddom
- Monster
- Havgud
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sjøuhyre» frå Wikipedia på bokmål, den 30. august 2021.