Kraken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fargelagt penneteikning av malakologisten Pierre Denys dei Montfort frå 1801 bygger på skildringane til dei franske sjøfolka av ein kjempeblekksprut som gjekk til angep utanfor kysten av Angola.
Den svenske geistlege Olaus Magnus' fantasifulle «Carta Marina» frå 1539 viser ei rekke sjøuhyre i farvatna mellom Noreg og Island. Kartet er laga i Italia.
Pierre Dénys dei Montforts Poulpe Colossal angrip eit handelsskip.
Fantasifull framstilling av ein enorm blekksprut som angrip eit skip.
Kjempeblekkspruten i boka til Jules Verne om Kaptein Nemo var inspirert av forteljingane om Kraken.

Kraken eller Krakjen, òg omtalt i ubestemt form krake, er eit kjempestort sjøuhyre frå norsk folketru som er er påstått å vere observert langs kysten av Noreg og Island.

Fabeldyret er først skildra «vitskapleg» av Erik Pontoppidan på midten av 1700-talet. Andre har skildra Kraken som ein lindorm i slekt med sjøormar som Nessie frå Loch Ness i Skottland og Seljordsormen i Seljordvatnet i Telemark. Atter andre, blant anna i engelskspråkleg og moderne populærkultur, har tolka kraken som ein kjempeblekksprut og bruker ordet som særnamn på eit slikt monster.

Ordbakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Krake» er eit norsk ord skal vere i slekt med ord som krok og krykkje og det shetlandske krekin, som er eit tabunamn for kval.[1] Ordet skal stamme frå «krake» i tydinga «kroket og kleint tre» eller «tørr granstamme med nakne greiner». Det islandske kraki blei brukt om «tynn stong med hake på» eller «treanker med ein fastbunden stein».[2] Ordet kan òg brukast i fleirtalsforma krakar. For eksempel skreiv den danske forfattaren Thomas Christopher Bruun (1750-1834) tidleg på 1800-talet: «Det Diævelskab det (dvs. havet) i sin Barm udruger...Af Hayer, Orme, Kraker, Crocodiler.»,[3] mens diktaren Jens Baggesen (1764-1826) skriv «(...) omsvømmet af Fiske, Haier, og Hvaler, og Kraker, og vildt sig boltrende Marsvin.»[4]

Kraken i litteratur og populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Frå antikken er det kjende fleire forteljingar om forskjellige havuhyre, mellom anna Skylla, eit uhyre med seks hovud og tre rader med tenner, som nesten slukte Odyssevs. Grunnlaget for slike førestillingar kan ha vore fiskarar og sjøfolk som har sett kvalar og store blekksprutar. På tilsvarande måte kan førestillinga om kraken som eit svært uhyre djupt i havet ha oppstått i mellomalderen.

Den første skriftlege skildringa av kraken kjem frå den lærde, danske forfattaren og biskopen i Bergen Erik Pontoppidan d.y. (1698-1764). Han utgav verket Det første Forsøg paa Norges naturlige Historie, forestillende dette Kongeriges Luft, Grund, Fjelde, Vande, Væxter, Metaller, Mineralier, Steen-arter, Dyr, Fugle, Fiske og omsider Indbyggernes Naturel, samt Sædvaner og Levemaade i København i 1752 og 1753. Der omtaler han kraken som «det største havuhyret i verda. Det er rundt og flatt og fullt av armar eller forgreiningar». Kraken var ei flytande øy med enorme armar som når til toppen av ein skipsmast og kan trekke store krigsskip med seg i djupet. Pontoppidan byggde skildringane sine på forteljingar frå norske fiskarar. Når det på stader der vatnet var fleire hundre meter djupt, berre viste seg å vere 40-50 meter, visste fiskarane at det var ein krake under dei. Dei meinte det kunne samle seg masse fisk på ryggen av kraken, men at dei måtte måtte passe på at det enorme dyret ikkje plutseleg kom opp til overflata og velta båtar og drog dei med seg ned. I 1680 skulle ein mindre krake ha stranda på Alstadhaug ved Levanger i Nord-Trøndelag og i 1673 ein kjempekrake på minst 30 meter på vestkysten av Irland.

Frå Vestlandet finst det nokre få segn om Krakjen. Den vanlegaste sagnet fortel om nokre fiskarar som er ute med botnsnøre. Plutseleg merkar dei at det blir grunnare og grunnare under dei. Dei forstår at det er Krakjen som er på veg opp, og dei ror til lands så fort dei berre kan.

Kraken er òg omtalt i dikta The Kraken av den engelske poeten Alfred Tennyson, utgjeve i 1830. Tennysons skildring har påverka Jules Verne, som omtaler ein kjempeblekksprut i En verdensomseiling under havet, utgjeve i 1870. Tolkien brukte Kraken som inspirasjon for uhyret ved inngangen til Morias minner i (1954-1955). Kraken er òg eit blekksprutmonster som opptrer i dei amerikanske eventyrfilmane om Pirates of the Carribean.

Kraken er ikkje omtalt i dei norrøne sogene. Men tilsvarande dyr som lyngbakr og hafgufa er omtalt i Örvar-Odds saga og i Kongsspegelen frå ca. 1250. Teksten skildrar eit massivt sjøuhyre stort som ei øy. Dyret blir sjeldan sett, og teksten spekulerer i at det berre finst eitt eller to dyr i verda. Carl von Linne inkluderte Kraken i den første utgåva av Systema Naturae (1735), men i seinare utgåver er ikkje Kraken med.

Tennysons The Kraken[endre | endre wikiteksten]

Alfred Tennysons dikt The Kraken skildrar kraken som ligg på botnen av havet i ein evig, draumlaus svevn inntil Dommedag:

Below the thunders of the upper deep;
Far far beneath in the abysmal sea,
His ancient, dreamless, uninvaded sleep
The Kraken sleepeth: faintest sunlights flee
About his shadowy sides; above him swell
Huge sponges of millennial growth and height;
And far away into the sickly light,
From many a wondrous grot and secret cell
Unnumber'd and enormous polypi
Winnow with giant arms the slumbering green.
There hath he lain for ages, and will lie
Battening upon huge seaworms in his sleep,
Until the latter fire shall heat the deep;
Then once by man and angels to be seen,
In roaring he shall rise and on the surface die.

«Kraken» omtalt i Nordisk familjebok[endre | endre wikiteksten]

Kraken 1. Hor v en, ett till fabelns område hörande hafsvidunder, om hvilket E. Pontoppidan, med stöd af norska fiskares utsagor, visste förtälja sällsamma ting i "Norges naturlige historie" (1752- 53). Så, när fiskare någon het sommardag i vindstilla rott ut ett par mil från kusten och enligt vanlig beräkning borde påträffa 80-100 famnars djup, händer det stundom, att lodet bottnar på 20-30 famnar. Men i detta vatten stå de allra mest ymniga stim af torsk och längor. Då är man på det klara med, att kraken håller till där nere; det är han, som bildar den konstgjorda höjningen af bottnen och genom sina afsöndringar lockar dit fisk. Men om de metande märka, att kraken höjer sig, gäller det att ro undan, allt hvad tygen hålla. Efter få minuter kan då odjuret ses lyfta öfver vattenytan öfversta delen af sin kropp, hvilken på en fjärdedels mil i omkrets ter sig som en samling blindskär, behängda med vaggande, hafstånglika utväxter. Slutligen resa sig i vädret några blänkande, nedtill allt tjockare spetsar (1. fångarmar), som t. o. m. kunna visa sig höga som skeppsmaster. Efter en stund ger sig kraken åter till att sjunka, och.man får då akta sig för att råka in i den sughvirfvel, som därvid bildas. (Jfr J. Furö, "Fra Ishavets kyster", s. 9 ff.). Möjligen ha jättelika hafspolyper gett anledning till denna sägen. (O. A. ö.)[5]

Om store blautdyr i havet frå Svenska Familj-Journal 1869[endre | endre wikiteksten]

De norska fiskrarne» - berättar biskop Pontoppidan i sin naturalhistoria - »försäkra alla, utan minsta motsägelse i sina berättelser, att, då de lägga några mil ut på djupet, särskilt under de varmaste dagarne af året, synes hafvet plötsligen uppgrundas under deras båtar; och om de utkasta sank-lodet, händer det ofta, att de, i stället för 80 till 100 famnars djup, knappast finna 30. Det är kraken, som lägger sig emellan bottnen och det öfra vattnet. Vana vid detta fenomen, göra fiskrarne sina nät i ordning, vissa, att der finnes fisk i öfverflöd, i synnerhet stortorsk och gråsej, och de uppdraga dem rikligen belastade. Men om vattnets djup alltjemt förminskas, och om det tillfälliga och rörliga grundet stiger uppåt, då hafva fiskrarne ingen tid att förlora: det är ormen som vaknar, som rör på sig, som vill andas luft och utsträcka sina väldiga former i solen. Fiskrarne taga då till att ro af alla krafter, och när de omsider, på vederbörligt afstånd, kunna tryggt hvila sig, se de i sjelfva verket odjuret, som med öfra delen af sin rygg betäcker en sträcka af en och en half mil. Fiskarne, öfverraskade af uppåtstigandet, hoppa ett ögonblick i de fuktiga gropar, som äro bildade mellan upphöjningarne i djurets yttre betäckning; så utgå från denna flytande massa ett slags taggar eller lysande horn, som utbreda och resa sig, liknande med rår försedda master. Det är krakens armar; och hvilka armar! Så stor är deras styrka, att, om de fattade tågverket å ett linieskepp, de ofelbart skulle kullkasta detta. Efter att hafva dröjt en stund vid ytan, nedstiger odjuret med samma långsamhet, men faran är icke desto mindre för det fartyg, som möjligen befinner sig i grannskapet, ty i det att kraken sänker sig, sätter han så mycket vatten i rörelse, att hvirflar och strömmar uppstå, lika förfärliga som den ryktbara Malströmmen.»[6]

Andre sjøuhyre[endre | endre wikiteksten]

Lindormar eller sjøormer er store sjødyr kjent frå folketru og mytologi. Førestillinga om Seljordsormen er kjent frå Seljordsvannet og prydar kommunevåpenet til Seljord kommune.

Kraken er eitt av ei rad sjøuhyre frå gamle myter, segn og eventyr. I gresk mytologi herskar for eksempel havguden Poseidon, som tilsvarer Neptun i romersk mytologi, over fleire lågare havguddommar og sjømonstre. Lista viser nokre havmonster frå ulike mytologiske tradisjonar:

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]