Skarpsno stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skarpsno stasjon i farne tider.
Restar av perrongen mellom spora ligg att etter Skarpsno stasjon på det som no er Skøyen–Filipstadlinja. Fotografi frå 2009.

Skarpsno stasjon var ein stasjon i Oslo for lokaltrafikk mellom endestasjonen Oslo Vestbanestasjon og Skøyen stasjonDrammensbanen, på den strekninga av Drammensbanen som vart teke ut or ordinær trafikk og omgjort til Skøyen–FilipstadlinjaOslotunnelen var bygd for Drammensbanen mellom Skøyen og Oslo Sentralstasjon. Stasjonen vart opna i 1882 og lagd ned i 1973, same året som òg lokaltogstasjonen Bestun stasjon mellom stasjonane Skøyen og Lysaker på Drammensbanen vart lagd ned som stoppestad.

Det er ikkje kjend korleis Skarpsno stasjonen såg ut opphavleg. Drammensbanen hadde vorte ombygd til dobbeltspor på strekninga i 1915-1920, og ein ny stasjon vart bygd i 1917 med stasjonsbygningen på gatenivå lågare enn dei to spora, medan plattforma låg mellom spora og fekk tilkomst frå ein inngang gjennom stasjonsbygningen og under spora. Stasjonsbygningen var i nybarokk stil, teikna av arkitekt Eivind Gleditsch, og vart rive i 1993 etter at heile anlegget hadde forfalle i lang.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]