Skeise-VM 1967 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1967 for kvinner fann stad i Deventer i Nederland 18. og 19. februar 1967. 33 utøvarar frå 12 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Stien Kaiser frå Nederland vart verdsmeister, som den fyrste kvinna frå sitt land. Etter at Dianne Holum frå USA vann 500 meter fekk Kaiser bestetid på alle dei attverande distansane.

Skeise-VM 1967[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Stien Kaiser  Nederland 195,384
Sølv Lasma Kauniste  Sovjetunionen 199,584
Bronse Dianne Holum  USA 199,600
4 Lidija Skoblikova  Sovjetunionen 199,784
5 Ans Schut  Nederland 199,917
6 Valentina Stenina  Sovjetunionen 201,200
7 Irina Jegorova  Sovjetunionen 201,933
8 Kaija Mustonen  Finland 202,133

Dato: 18./19. februar 1967

Kjelder[endre | endre wikiteksten]