Skeise-VM 1968 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen på skeiser 1968 for menn fann stad på Nya Ullevi i Göteborg i Sverige helga 24. og 25. februar 1968. 35 utøvarar frå 13 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.

Totalt 59 690 tilskodarar, 28 198 om laurdagen og 31 492 om søndagen, såg norske Fred Anton Maier vart verdensmeister, med landsmannen Magne Thomassen på andreplassen. Keiichi Suzuki frå Japan vann 500 meter, medan Magne Thomassen sigra på 1500 meter og Fred Anton Maier fekk bestetid både på 5 og 10 000 meter.

Skeise-VM 1968[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Fred Anton Maier Flag of Norway.svg Noreg 176,340
Sølv Magne Thomassen Flag of Norway.svg Noreg 176,467
Bronse Ard Schenk Flag of the Netherlands.svg Nederland 177,695
4 Kees Verkerk Flag of the Netherlands.svg Nederland 177,718
5 Jan Bols Flag of the Netherlands.svg Nederland 178,230
6 Johnny Höglin Flag of Sweden.svg Sverige 178,257
7 Bjørn Tveter Flag of Norway.svg Noreg 178,382
8 Valerij Kaplan Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 179,090
9 Per Willy Guttormsen Flag of Norway.svg Noreg 179,553

Dato: 24./25. februar 1968

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sportsboken 1968. Norsk kunstforlag. Oslo 1968.