Fred Anton Maier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I 1968 vart Maier europameister på Bislett stadion i Oslo

Fred Anton Maier (15. desember 19389. juni 2015) var ein norsk skeiseløpar og syklist frå Nøtterøy i Vestfold. I 1968 vart han europmeister, verdsmeister, samt olympisk meister på 5000 m skeiseløp. Han vart noregsmeister på skeiser i 1965. Skeiseløparen Maier var medlem av Tønsberg Turn, medan han som syklist tevla for Tønsberg Cykleklubb.

Skeiseløp[endre | endre wikiteksten]

Maier markerte seg som ein solid langdistanseløpar på nasjonalt nivå i 1958-sesongen. Under noregsmeisterskapen på Notodden vart han nummer tre på 10000 meter, samanlagt vart han mummer ni. To år seinare enda han på femteplass då NM fann stad på Hønefoss. I 1961 vann han 10000 m under NM i Sandefjord og kunne klive opp på pallen då meisterskapsløpa var over, berre Knut Johannesen og Nils Aaness presterte betre. Dermed fekk Maier delta i både europameisterskapen i Helsinki og verdsmeisterskapen i Göteborg, der han vart høvesvis nummer 12 og 13.

I 1963 var Maier ein del av den såkalla norske skeise-revolusjonen, sesongen då norske skeiseløparar etter nokre magre år atter hevda seg i toppen på resultalistene. Noregsmeisterskapen på skeiser på Hamar i 1963 enda opp som i 1961, med Johannesen, Aaness og Maier på dei tre fyrste plassane. Då Noreg kledde sigerspallen i raudt-kvitt og blått under skeise-EM 1963 i Göteborg, var Maier den einaste nordmannen som ikkje kjempa om laurbær. Han hamna til sist på tiandeplassen, noko betre gjekk det i VM i japanske Karuizawa der han vart nummer sju.

Maier deltok både på 5000 m og 10 000 m under Vinter-OL 1964. På 5000 m fullenda han ein stor norsk dag ved å ta bronsemedaljen på tida 7.42,0, Knut Johannesen vann gullmedaljen med ein margin på to tidels sekund til Per Ivar Moe, 7.38,4 mot 7.38,6. På 10000-meteren sikra seg Maier seg sølvmedaljen etter 16.06,0, svenske Jonny Nilsson vart ein suveren vinnar med 15.50,1. I samanlagtmeisterskapa gjorde Maier det best med ein åttandeplass ved EM i Oslo.

Under noregsmeisterskapen 1965 i Arendal var det dag for Maier sin fyrste triumf. Han vann på 5000 m og 10000 m klart, og sikra seg NM-tittelen med 0,500 poeng til gode på toaren Per Ivar Moe. Men i dei internajsonale meisterskapa var det Moe Noreg måtte stole på, han vart nummer to i EM før han vann VM på Bislett stadion. Maier vann rett nok 5000 m under EM, men enda som numer sju og ni i dei to meisterskapa. På tampen av 1965-sesongen forbetra han på Notodden verdsrekorden på 5000 meter til 7,28,1, ei rekordforbetring på heile fem sekundar.

Både under NM 1966 og NM 1967 måtte Maier sjå at Svein Erik Stiansen kunne klive til topps på sigerspallen, Maier sjølv vart nummer to begge gongane, trass i solide distansesigrar på 5000 m og 10000 m begge åra. Maier vart beste nordmann på femteplass då EM 1966 vart avvikla på kunstisbanna i Deventer, i VM på Nya Ullevi i Göteborg vart han nummer sju. Høgdepunktet i sesongen kom på Bislett stadion der han i ein femlandskamp overraska stor og vann tre av dei fire distansane. Han avslutta landskampen med 15.32,2 og sletta dermed den tre år gamle milrekorden til Jonny Nilsson.

Året etter forbetra Maier 10000-meterrekorden til 15.31,8 på den rekordrask isen i tyske Inzell. Etter femlandskampen på Bislett var det klart at Maier var i ferd med å verte ein løpar som kunne melde seg på i kampen om dei internasjonale meisterskapstitlane. Det viste seg under VM 1967 i Oslo, der han vart nummer tre etter dei to suverene nederlandske utøvarane Ard Schenk og Kees Verkerk.

Vinteren 1968 vart den store sesongen for Maier. Solide langdistanseløp med ny verdsrekord på 15.29,5 på 10000 m under NM var ikkje nok til å ta heim NM-kransen, i Horten vann Magne Thomassen med 0,050 poeng til gode på Maier. Under europameisterskapen på Bislett stadion ei veke seinare vann Maier 5000 m med over 15 sekundar til nettopp Thomassen, som vart nummer to på distansen. Dagen etter forbetra Maier sin eigen verdsrekord på 10 000 m til 15.20,3 og vart europameister, med Eduard Matusevitsj frå Sovjetunionen og Magne Thomassen på dei neste plassane. 15. februar vann Maier den olympiske skeisetevlinga over 5000 m på ny verdsrekord; 7.22,4. Han var den store favoritten på 10 000 m og gjekk eit sterkt løp på 15.23,9 i fyrste par. Gullmedaljen såg ut til å ere klar, med i sjuande gjekk svensken Johnny Höglin sitt livs 10000-meterløp og tok heim sigeren med tre tidels sekund; 15.23,6. Ei veke etter vinterleikane i Grenoble var over, kjempa Maier og Thomassen drabeleg om VM-tittelen, med maier som vinnar til slutt. Den 9. mars forbetra han i Inzell sin eigen verdsrekord på 5000 m til 7.16,7.

Maier representerte Noreg i dei internasjonale skeisemeisterskapane også i 1969, med ein sjuandeplass i EM som beste prestasjon. Han la bort konkurranseskeisene etter 1970-sesongen.

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

Distanse Tid Dato Sted Bane
500 m 41,8 3. februar 1968 Davos Davos Eisstadion
1 500 m 2.06,1 10. mars 1968 Inzell Eisstadion Inzell
5 000 m 7.16,7 9. mars 1968 Inzell Eisstadion Inzell
10 000 m 15.20,3 28. januar 1968 Oslo Bislett stadion

Sykkelritt[endre | endre wikiteksten]

Maier var ein habil sykkelryttar, særleg i temporitt. Både i 1957 og 1967 tok han bronse i NM i 50 km temposykling.

Maier vart tildelt Egebergs ærespris i 1967.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar