Verdsmeisterskapen på skeiser 1971 for menn vart avvikla på Nya Ullevi i Göteborg helga 13. og 14. februar 1971. 34 utøvarar frå 14 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.
Ard Schenk frå Nederland vart verdsmeister, etter å ha fått bestetid på dei tre lengste distansane. Dermed forsvarte han meistertittelen på suverent vis, framfor svenske Göran Claeson på andre- og sin eigen landsmann, Kees Verkerk, på tredjeplass. Dag Fornæss frå Noreg vann 500-meteren og vart fjerdemann samanlagt.