Skeise-VM 1980 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1980 for kvinner fann stad på Hamar stadion i Noreg helga 12. og 13. januar 1980. 31 utøvarar frå 13 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Natalja Petrusjova frå Sovjetunionen fekk bestetid på dei fyrste distanseøvingane og vart verdsmeister framom tittelforsvarar Beth Heiden frå USA. Norske Bjørg Eva Jensen sigra på den avsluttande 3 000-meteren.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Natalja Petrusjova  Sovjetunionen 179,046
Sølv Beth Heiden  USA 180,163
Bronse Bjørg Eva Jensen  Noreg 180,992
4 Sylvia Filipsson  Sverige 181,136
5 Sabine Becker  Aust-Tyskland 182,028
6 Sylvia Burka  Canada 182,065
7 Sarah Docter  USA 182,380
8 Valentina Lalenkova  Sovjetunionen 183,865

Kjelder[endre | endre wikiteksten]