Skeise-VM 1990 i sprint-firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen 1990 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 25. og sundag 26. februar på Tromsdalen kunstisbane i Tromsø. Meisterskapen var den 21. i sprint-firkamp. 58 utøvarar, 31 karar og 27 kvinner, deltok i meisterskapen.

Ki Tae-bae frå Sør-Korea vart verdsmeister, like framom sovjetiske Andrej Bakhvalov. Det var fyrste gongen ein sørkoreansk utøvar vart verdsmeister i lengdeløp på skeiser. Uwe-Jens Mey frå Aust-Tyskland var bestemann på begge 500-meterane, men fall og braut den fyrste 1000-meteren. Igor Zjelesovskij vann den fyrste 1000-meteren, Andrej Klimov den andre, begge representerte Sovjetunionen. Austtyske Angela Stahnke Hauck vart verdsmeister i kvinneklassa, etter å ha vunne begge 500-meterane. Christine Aaftink frå Nederland sigra på 1000-meteren om laurdagen, Bonnie Blair frå USA om sundagen.

Verdsmeisterskapen 1990 i skeise-sprint/Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Ki-Tae Bae  Sør-Korea 154,400
Sølv Andrej Bakhvalov  Sovjetunionen 154,420
Bronse Igor Zjelesovskij  Sovjetunionen 154,820
4 Dan Jansen  USA 155,100
5 Yasunori Miyabe  Japan 155,910
6 Aleksandr Klimov  Sovjetunionen 155,990
7 Hozumi Moriyama  Japan 156,200
8 Satoru Kuroiwa  Japan 156,515
9 Toshiyuki Kuroiwa  Japan 157,120
10 Olaf Zinke  Tyskland 157,220
11 Arie Loef  Nederland 157,265
12 Dave Besteman  USA 157,340

Dato: 25./26. februar

Verdsmeisterskapen 1990 i skeise-sprint/Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Angela Stahnke Hauck  Aust-Tyskland 169,090
Sølv Bonnie Blair  USA 169,395
Bronse Christine Aaftink  Nederland 169,455
4 Seiko Hashimoto  Japan 171,365
5 Herma Meijer  Nederland 171,975
6 Monique Garbrecht  Tyskland 172,180
7 Kyoko Shimazaki  Japan 173,470
8 Yoo Seon-hee  Sør-Korea 174,155
9 Edel Therese Høiseth  Noreg 174,255
10 Heike Pöhland  Tyskland 174,460
11 Tatjana Martynova  Sovjetunionen 175,050
12 Svetlana Kopylova  Sovjetunionen 175,080
13 Else Ragni Yttredal  Noreg 175,405

Dato: 25./26. februar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]