Bonnie Blair
Bonnie Blair | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 18. mars 1964 (60 år) Cornwall |
Idrett | lengdeløp på skeiser, kortbaneløp |
Tok del i | Vinter-OL 1984, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 1000 meter damer |
Utmerkingar | Oscarstatuetten, Associated Press Athlete of the Year |
Bonnie Kathleen Blair (fødd 18. mars 1964) er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar frå New York som i tida 1988-94 vann fem olympiske gullmedaljar og tre VM-titlar i sprintmeisterskap. Til saman sanka Blair, som var spesialsprintar, seg heile 15 VM- og OL-medaljar (8-4-3) over ein periode på ti sesongar.
Blair vart i sprint-VM 1986 nummer tre, deretter toar i 1987 og tre att i OL-sesongen 1988. Under dei olympiske leikane 1988 i Calgary vann ho gullmedaljen på 500 m, fattige to hundredels sekund framom austtyske Christa Rothenburger, og ho tok bronsemedaljen på 1000 meter. I sprint-VM 1989 i Heerenveen lukkast Blair knipe VM-tittelen framom den nemnde austtyske kvinna. Både i 1990, 1992 og 1993 enda ho på andreplassen i sprint-VM. Derimot sikra ho seg sigeren på begge sprintdistansane då Vinter-OL 1992 fann stad i Albertville, ein prestasjon ho gjentok i Lillehammer-OL 1994. I 1994-sesongen viste ho seg som den suverent beste kvinnelege skeisesprintaren og vann Sprint-VM i Calgary med over 1,6 tidspoeng til dei andre medaljevinnarane. Endå meir suveren var ho då ho i 1995 avslutta karrieren med triumf i sprint-VM på "heimebane" i Milwaukee.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bonnie Blair» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Bonnie Blair» (på engelsk). Olympedia. Henta 23. juni 2022.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1964
- Skeiseløparar frå USA
- Olympiske meistrar for USA
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA
- Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser
- Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1984
- Skeiseløparar under vinter-OL 1984
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1988
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1988
- Skeiseløparar under vinter-OL 1988
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1992
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1992
- Skeiseløparar under vinter-OL 1992
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1994
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1994
- Skeiseløparar under vinter-OL 1994
- Vinnarar av Oscarstatuetten