Skeise-VM 1991 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1991 for menn vart avvikla i Heerenveen i Nederland helga 9. og 10. februar. 39 utøvarar frå 20 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.

Tittelforsvararen Johann Olav Koss frå Noreg vart suveren verdsmeister, meir enn 2,7 tidspoeng føre italienaren Roberto Sighel. Koss vann dei tre lengste distansane, Peter Adeberg som representerte det samla Tyskland gjekk fortast på 500 m.

Skeise-VM 1991[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Johann Olav Koss  Noreg 157,396
Sølv Roberto Sighel  Italia 160,125
Bronse Bart Veldkamp  Nederland 160,391
4 Leo Visser  Nederland 160,392
5 Tomas Gustafson  Sverige 160,860
6 Thomas Bos  Nederland 161,530
7 Danny Kah  Australia 161,575
8 Geir Karlstad  Noreg 162,282

Dato: 9./10. februar 1991

Kjelder[endre | endre wikiteksten]