Tomas Gustafson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tomas Gustafson

Gustafson Tomas,portret.JPG

Statsborgarskap Sverige
Fødd 28. desember 1959 (62 år)
Katrineholm
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Skøyteløp under Vinter-OL 1980, Skøyteløp under Vinter-OL 1992, Skeise-VM 1978 for menn, Skeise-VM 1979 for menn, Skeise-VM 1981 for menn, Skeise-VM 1982 for menn, Skeise-VM 1983 for menn, Skeise-VM 1984 for menn, Skeise-VM 1985 for menn, Skeise-VM 1986 for menn, Skeise-VM 1989 for menn, Skeise-VM 1990 for menn, Skeise-VM 1991 for menn, Skeise-VM 1992 for menn, EM på skøyter 1978, menn, EM på skøyter 1979, herrer, EM på skøyter 1980, herrer, EM på skøyter 1981, herrer, EM på skøyter 1982, menn, EM på skøyter 1983, herrer, EM på skøyter 1984, herrer, EM på skøyter 1985, herrer, EM på skøyter 1986, herrer, EM på skøyter 1987, herrer, EM på skøyter 1988, herrer, Europameisterskapen på skeiser 1990, Europameisterskapen på skeiser 1992, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 5000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 5000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 10000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 10000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 500 meter herrer

Utmerkingar

Oscarstatuetten

Sven Tomas Gustafson (fødd 28. desember 1959) er ein svensk tidlegare skeiseløpar frå Katrineholm. Han vann i tida 1982-88 tre olympiske gullmedaljar og vart to gongar europameister på skeiser.

Gustafson vart europameister 1982 på Bislett stadion i Oslo, hårfint framom norske Rolf Falk-Larssen. Triumfen kom etter han sette verdsrekord på 10 000 meter med tida 14.23,59. Året etter bytta dei to plass på sigerspallen då firkamp-VM 1983 fann stad på same arenaen.

Under dei olympiske vinterleikane 1984 i Sarajevo vann Gustafson gull på 5 000 m og sølv på 10 000 m. På den kortaste distansen slo han Igor Malkov frå Sovjetunionen med 0,02 sekund, på den lengste tapte han mot Malkov med 0,05 sekund. To år seinare vart han tredjemann i EM 1986 i Oslo.

I OL-sesongen 1988 vart Gustafson europameister i Haag etter å ha vunne alle fire distansane. Ved Vinter-OL 1988 i Calgary sigra han fyrst på 5 000 m, for deretter å sette verdsrekord på 10 000 meter med 13.48,20 og vinne sitt tredje OL-gull. Gustafson fekk si siste internasjonale medalje då han kom på andreplass i EM 1990 i Heerenveen. Han la opp i 1992.

Gustafson vart i 1988 tildelt både Svenska Dagbladets gullmedalje og Radiosportens Jerringpris. Han fekk Oscarstatuetten både i 1982 og 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]