Skeise-VM 2005 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2005 i firkamp vart avvikla i Krylatskoje ishall på Moskva dagane 5. og 6. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 12 ulike land deltok i meisterskapen.

Tyske Anni Friesinger vart verdsmeister for tredje gong, etter ho sigra på samtlege fire distansar. Shani Davis frå USA vart verdsmeister for fyrste gong, framon fjorårsmeisteren, landsmannen Chad Hedrick. Davis var best av alle også på 1500 meter. Norske Øystein Grødum vann dei dei to lengste distansane, Takahiro Ushiyama frå Japan gjekk fortast av alle på 500 meter.

Dei norske deltakarane vart nummer 8, Øystein Grødum, nummer 15, Håvard Bøkko, nummer 16, Hedvig Bjelkevik, og nummer 22, Maren Haugli. Eskil Ervik fall på 500 meter og braut tevlinga.

Skeise-VM 2005[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Shani Davis  USA 150,777
Sølv Chad Hedrick  USA 150,961
Bronse Sven Kramer  Nederland 152,244
4 Carl Verheijen  Nederland 152,715
5 Jochem Uytdehaage  Nederland 152,793
6 K.C. Boutiette  USA 153,532
7 Bob de Jong  Nederland 153,859
8 Øystein Grødum  Noreg 154,123
9 Ivan Skobrev  Russland 154,398
10 Derek Parra  USA 155,390

Dato: 5.–6. februar

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Anni Friesinger  Tyskland 161,557
Sølv Cindy Klassen  Canada 163,214
Bronse Claudia Pechstein  Tyskland 163,418
4 Daniela Anschütz  Tyskland 163,719
5 Ireen Wüst  Nederland 164,047
6 Kristina Groves  Canada 165,068
7 Renate Groenewold  Nederland 165,453
8 Moniek Kleinsman  Nederland 166,399
9 Nami Nemoto  Japan 166,713
10 Maki Tabata  Japan 166,808

Dato: 5.–6. februar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]