Skeise-VM 2012 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2012 i firkamp vart avvikla i Moskva i Russland helga 18.-19. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 14 ulike land deltok i meisterskapen.

Nederlendaren Sven Kramer vart verdsmeister for fjerde gong og landskvinna Ireen Wüst for tredje gong. Kramer sigra også på dei to lengste distansane. Polske Zbigniew Bródka var bestemann på 500 meter, det same var norske Håvard Bøkko på 1500 meter. I kvinne-klassa vann kanadiske Christine Nesbitt dei to kortaste distansane og tsjekkiske Martina Sáblíková dei to lengste.

Av dei norske deltakarane kom Håvard Bøkko på fjerdeplass, Ida Njåtun på sjuande og Sverre Lunde Pedersen på åttande, medan Hege Bøkko vart nummer 16.

Skeise-VM 2012[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Sven Kramer  Nederland 149,327
Sølv Jan Blokhuijsen  Nederland 149,614
Bronse Koen Verweij  Nederland 150,085
4 Håvard Bøkko  Noreg 150,134
5 Ivan Skobrev  Russland 150,332
6 Jonathan Kuck  USA 152,295
7 Haralds Silovs  Latvia 152,409
8 Sverre Lunde Pedersen  Noreg 152,590
9 Bart Swings  Belgia 153,949
10 Patrick Beckert  Tyskland 154,692

Dato: 18.–19. februar

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Ireen Wüst  Nederland 161,050
Sølv Martina Sáblíková  Tsjekkia 161,870
Bronse Christine Nesbitt  Canada 162,360
4 Linda de Vries  Nederland 163,395
5 Cindy Klassen  Canada 163,396
6 Claudia Pechstein  Tyskland 164,351
7 Ida Njåtun  Noreg 165,088
8 Brittany Schussler  Canada 165,345
9 Jorien Voorhuis  Nederland 165,570
10 Jekaterina Lobysjeva  Russland 165,941

Dato: 18.–19. februar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]