Skjå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skjå (norrønt skjá)[1] er eit enkelt uthus, skjul eller skur, gjerne bygd med eit reisverk kledd med enkel bordkleding (ein bordskjå). Ordet har same opphav som ordet «skur».

Ein skjå kan òg vere ei gjennomsynleg hinne, gjerne av kumage, til å bruke som vindauge. Ordet er òg bruka om ei treramme med ein slik skjå over, brukt som luke i ein glugge eller ein ljore. Ordet har opphav i eingermansk grunnform *skîa- eller *skiô, som ein finn igjen i ordet å skine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Falk og Torp: Eymologisk ordbog over det norske og det danske sprog (1903)